Vårherre ved Hovatn

Share

La du merke til diktet som stod på side 8 i Setesdølen tysdag? Diktet hadde same tittelen som overskrifta på dagens bloggpost. Det var skrive av Anne Norli, ho er ein av Valle Radio sine mange lyttarar. Ho har høyrt på Internett, men no kan ho høyre oss over nettet til Evje Radio, for no sender vi til heile dalen. Anne bur på Byglandsfjord, høgt oppe på Hampefjell.

Anne likar godt å løyse rebusar, og ho har ringt inn fleire gonger. Av og til har det høvd slik at eg har teke premiane ho har vunne med når eg reiser heim fredagane. Om ho er heime, får vi ein hyggeleg prat, elles har eg bare sett frå meg premien utanfor døra hennar.

I mange år arbeidde ho på Landeskogen, dei siste åra før ho vart pensjonist, arbeidde ho på Evjeheimen. Ho var engasjert i mange ting, men så vart mannen hennar sjuk, og då vart det vanskelegare å engasjere seg utanfor heimen. Etter at han døydde, har ho blitt meir aktiv att, ho er leiar av Råd for eldre og funksjonshemma i Bygland frå 2011.

Om du ikkje har kasta Setesdølen, bør du finne det fram og glede deg over Anne Norli si skildring av fargane vi ventar på no når vinteren er på hell. Det kvite må gje tapt for Vårherre sitt fargeskrin. Om du alt har kasta Setesdølen, kan du finne diktet om du klikkar deg inn på Setesdalswiki, eg fekk lov av Anne å legge diktet inn der. Du kan klikke på denne lenka for å kome dit: http://www.setesdalswiki.no/wiki/V%C3%A5rherre_ved_Hovatn

Ho fortalde meg at å skrive har vore ein hobby for henne i mange år, men til no har tekstane hennar hamna i skrivebordskuffa. Det er mange som skriv for skrivebordskuffa. Kan hende skulle vi dele tankar med kvarandre, skrivebordskuffa treng ikkje vere den einaste som får del i tekstar vi krotar ned i våre dagar. Internett har gjort det mogleg å dele stoff utan å hogge tre for å lage papir å trykkje det på, men om ein vil trykkje tekstar på papir, er heller ikkje det så vanskeleg lenger.

At Anne delte teksten om Vårherre ved Hovatn med Setesdølens lesarar, gav i alle fall meg ei leseoppleving. Takk for det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *