Påskebasaren 2013 – Resultat

Share

Så er påskebasaren 2013 over, dei små timane kom før trekkinga vart kunngjort natt til i dag då klokka var passert 01. Trøstegevinstar kom først, deretter las programleiarane resultata av trekkinga med dei siste gevinstane først. Spenninga var stor ettersom dei arbeidde seg oppover lista, og då dei kom til førstepremien, skinnfua, var det nok fleire enn eg som vart overraska. Dag Paulsen frå Kristiansand, mannen bak Block Forsikring, vann si tredje dalebukse. Han har altså vunne to førstegevinstar i lotteriet vårt før.

Helge Dahle prata med han på telefonen i natt og han var sanneleg like overvelda, han. Sjølv sat eg og tenkte at om han held på slik, får han snart eit heilt fotball-lag i skinnfu.

Resultatet av basaren vart eit loddsal på 229.020 kroner brutto, men sidan mykje av utgiftene er sponsa og dei som står for basaren arbeider dugnad, vert det eit rekordresultat av basaren i år.

Gevinstlista finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/P%C3%A5skesending_i_Valle_Radio_2013

Ho ligg og på Valle Radio si side på Facebook.

I morgon, 3. påskedag er det tysdagssending, men onsdag er det ikkje sending. I staden står Valle Radio for sendinga fredagskvelden. 5. april er det Ronny Stavsholt som er ansvarleg.

Ta kontakt om det er noko du vil ha med i tysdagssendinga, så prøver vi å få plass til det.