Ingen mista lappen

Share

I gårsdagens Setesdølen stod det ein notis om at ingen mista lappen i påsketrafikken på grunn av fart i Setesdal denne påska.

Eg twitra dette i dag, og meldinga vart fanga opp av Geirr Tangstad Holdal som har 3686 lesarar. Han samlar informasjon om trafikk i twitterstraumen sin og er daglig leder av Nei til frontkollisjoner. Det kunne kanskje verke som om han meinte eg var smålåten då eg ikkje kravde midtdelar på RV9, bare gul midtstripe, helst stipla, ikkje heiltrukken i ein annan tweet eg laga, for han samanlikna ønsket mitt med Navarsetes ønske om gul midtstripe på E-39.

Eg synest nok at dei to vegane knapt kan samanliknast. Rett nok er det billigare å byggje RV-9, den går i ein dal medan E39 går på tvers av dalar. Men trafikken er heilt ulik, ettersom det er få byar oppover Setesdal, men mange byar langs E-39. Difor er eg nok for firefeltsveg mellom Mandal og Kristiansand, ja heile strekningen til Stavanger kunne vore fire felt, så stor er trafikken der. Oppover Setesdal er det bare stor trafikk fredag og sundag. Om det hadde vore firefeltsveg der, hadde nok mange fleire brukt vegen, men det er ei anna sak.

Det er ei glede at ingen mista lappen på grunn av fart i Setesdal i påskehelga. Eg kjører jo ofte den vegen, og det er sjeldan at nokon bryt ut av køen og kjem mot meg når eg er på veg nedover på fredagane. Sundagane kjører eg oppover så seint at det meste av køkjøringa er over når eg kjem, så heller ikkje dei turane gjev skrekkopplevingar. Så får det heller våge seg at det går ein del kroner til statskassen i form av bøter. Sjølv har eg vore heldig og unngått dei verste straffepoenga, med åra vert ein visst flinkare til å ta tida til hjelp. For meg har det og blitt vanleg å stoppe og sove litt når eg blir trøtt, eg kjempar ikkje mot tunge augnelok lenger.