4000 artiklar på Setesdalswiki

Share

I kveld runda vi 4000 artiklar på Setesdalswiki. Det er no fire år sidan vi starta skrivinga, det var i slutten av april 2009, så i snitt har vi klart å produsere om lag 1000 artiklar i året.

Eg hadde ein draum om å klare 4000 artiklar før Setesdalskonferansen 2013, den skal vere 18. og 19. april, og det var på Setesdalskonferansen 2009 at eg vart utfordra til å starte ei side der folk kunne finne informasjon om næringsliv og folk i Setesdal. Det har utvikla seg til å verte mykje meir, no er det både folk og geografi og kvar dag er det ei side om kva som skjer i Setesdal den aktuelle dagen.

Setesdalswiki hadde ikkje blitt det den er blitt i dag om vi ikkje hadde fått ein avtale med Sigurd Haugsgjerd, redaktøren i Setesdølen, om at vi kunne skrive inn overskriftene frå avisa. Det gjev oss om lag 100 artiklar kvart år, men det gjev og lenker til stoff som kan verte til leksikonartiklar. Det er difor stor grunn til å takke avisa for hjelpa vi har fått.

Mange seier at det meste finst på Internett, men det er jo ikkje sant. Eg leitar ofte etter informasjon om noko til ein artikkel, men det er ikkje noko anna å finne enn skatteopplysningar, om ein er næringsdrivande og telefonnummer når det gjeld folk. Så ein må ofte snakke med folk eller gå til bøker for å få informasjon. Samstundes er det mange som går til Internett for å få informasjon, då kan Setesdalswiki hjelpe for emne frå Setesdal. Mange lurer på om det går an å lage ein wiki om noko så lite, men dei 4000 artiklane skulle vel vise det godt nok, og endå har ein bare så vidt skrapa borti emnet.

Så då startar vi med friskt mot på neste tusen. Vonleg vil artiklar om bedrifter og næringslivsfolk auke på etter kvart. Talet på besøk er på 200-300 kvar dag. Om lag 100 unike gjester i snitt kvar dag. Eg er glad at nettstaden kan vere til nytte for folk som vil ha informasjon om Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *