Aktuelle saker

Share

Av og til skulle eg ønske at vi hadde radio kvar dag, slik at vi kunne følgje opp aktuelle saker. Torsdag kveld var det biljakt der politiet stoppa ein bil med spikermatt ved Esso-stasjonen på Hornnes. Fædrelandsvennen som kjem ut kvar dag, hadde oppslag om det i nettavisa si fredag. Saka rakk ikkje fredagsavisa, og ho var vel for gammal for laurdagsavisa, den har eg forresten ikkje sett enno. Her er lenke til saka hos Fævennen, den var ikkje låst då eg var innom: http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/Bil-stoppet-med-spikermatte-etter-biljakt-2399987.html#.UX2ACLV7JXk

Neste Setesdølen kjem til tysdag, då er nok saka for gammal, ho er i alle fall ikkje aktuell, for dei to som sat i bilen er pågripne og sit truleg i fengsel når Setesdølen kjem ut.

Nå kan ein jo diskutere om Valle Radio skal ha slike saker. Men hendingar i lokalmiljøet bør jo dokumenterast ein stad, og når vi sender til heile Setesdal, kunne dokumentasjonen skjedd hos oss.

Eg opplever nok at vi ikkje er rekna særleg med hos folk som har aktuelle saker å berette om. Det er som oftast slik at vi som har ansvaret for kvelden, må leite etter sakene og prøve å overtyde folk om at det er bryet verd å kome i Valle Radio og dele dei med omverda. Mange gonger skulle eg ønske at det var ein full postkasse av saker som vi kunne arbeide med når vi skal ha sending, men det er det jo aldri. Som oftast ligg det bare nokre generelle pressemeldingar i innboksen, lite å lage lokalradio på.

I kveld vil eg takke dykk som tek kontakt med Valle Radio når de har aktuelle saker de vil dele med lyttarane. Det er kjærkome for oss programleiarar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *