Bykle og Valle kunstlag

Share

Bykle og Valle kunstag har slite i motvind ei tid. På det meste hadde laget eit halvt hundre medlemmer og var svært aktive. Dei klarte i samarbeid med Kulturkontoret i Valle å få Sørlandsutstillinga til å stille ut i Soknehuset på Rysstad, det var første gongen utstillinga var utanfor dei store byane. Andre kunstnarar stilte og ut bileta sine med hjelp frå kunstlaget.

Med har det blitt færre medlemmer og færre utstillingar. Laget prøvde å ha galleri i Valle kultursenter, galleri Matkrone, men det var vanskeleg å bruke og lite sikra. No for tida nyttar laget eit rom i Valle Husflidssentral til utstilling, då er sikringa grei, men salet har ikkje vore særleg mykje å skryte av, og dermed er inntektene så som så.

Skal ein så leggje ned Kunstlaget? Ånund K. Homme, som har vore ivrig i laget, men no tenkjer han å gje seg. Halve året er han på Sunnmøre, då er det ikkje lett å fylgje opp aktivitetar i laget i Setesdal. Dermed blir aktivitetane prega av at det er sommarlege utstillingar som er aktuelle. Men utan medlemmer i laget blir det ikkje mange som hjelper til med det arbeidet som er naudsynt. Kunstnarane står for utstillinga sjølv, då det var aktivitet i laget, hadde dei utstillingsnemnd som var aktive med å hjelpe utstillarane.

Det vil verte eit tap for kulturlivet i Øvre Setesdal om Bykle og Valle kunstlag må avslutte verksemda si. I sendinga onsdagskvelden 17. april kjem Ånund K. Homme i studio for å fortelje om dette og oppfordre folk til å ta over verksemda i laget når han gjev seg. Få med deg dette i Valle Radio onsdagskvelden klokka 18.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *