Det skjer litt av kvart

Share

I dagens aktuelle time hadde eg seks innslag, dei tyder på at det skjer litt av kvart i Øvre Setesdal ei vanleg veke i april. Først snakka eg med Bjarte Haugsgjerd, som skulle på Quiz-kveld i Bykle samfunnshus. Han hadde med seg tre andre tilsette på Skigymnaset for å vere med på dette opplegget, og dei musikalske spørsmåla skulle dei framføre sjølv, ikkje på CD. I tillegg til rebusar var det kafe med sal av Thai-mat denne kvelden i Bykle.

Deretter hadde eg Ånund K. Homme med meg i studio. Eg stilte spørsmålet Kva skal vi gjere med Bykle og Valle kunstlag? Han fortalde om oppturar og nedturar, men no er laget mest nedlagt. Dei skal ha sommarutstilling, men så er det slutt. Ånund fortalde at Tove Krogh og Kjærsti Aandahl skal stille ut, men at lokala i Husfliden er lite tenlege. No veit folk som høyrde på Valle Radio i kveld om problema.

Deretter hadde eg ein prat med Bjarne Tveiten på telefonen der han fortalde om skipingsmøtet til Setesdal sogelag. Dei var 22 personar, og i styret kom Hallvard Tveit Berg (vara Margit Dale), Magnhild Rygg (vara Torgeir Moseid) og Bjarne Tveiten (vara Magnhild Bjørnarå). Bjarne Tveiten vart vald til leiar og Astri Rysstad har teke på seg rollen som sekretær.

Så kom Henri Tore Viki i studio. Vi snakka om planane om å få til revy i Valle. Det er Sigrid Hagen som har teke initiativ til dette, og dei som er interessert i å vere med, kan ta kontakt med henne.

Den siste eg snakka med i den aktuelle timen var Ingunn Røysland. Ho står i spissen for gutteklubben i Oveinang som skal ha basar til fredag klokka 17.30. Då kjem Egil Grindland og skal halde andakt og fortelje frå misjonsprosjektet i Japan. Guttane har laga mange fine gevinstar, og på desse basarane i Broderheimen er det alltid mykje god heimelaga gratis mat.

Med det rann den aktuelle timen ut. Eg måtte i full fart finne stoff til Tankar frå Bibelen, for Håvard Viki var reist til Jerusalem og kunne ikkje kome i radioen denne veka. Men det ordna seg til slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *