Ein festkveld med noko attåt

Share

Etter at hadde skrive bloggen i går, var det klart for festkveld på Hovden Fjellstoge. Det var der dagens bursdagsbarn Bjørnar Mørenskog, gratulerer med dagen, heldt til før han selde heile anlegget og reist til Spania for Sjømannskirken. No er det ikkje avholdsanlegg lenger, og nokre av dei som var på festen, såg nok djupare i glasset enn andre, for i dag var det litt mannefall på konferansen.

Men maten me fekk der, den var kortreist og utsøkt, fiskemousse og andre fiskerettar, kortreist kjøtmat i mange variantar og moltekrem, trollkrem, karamellpudding og anna godt. Det hadde vore ein lang dag, og dei fleste var svoltne og let maten smake før Erling Hellum heldt talen for årets vinnar av Setesdalsprisen. Per Birkeland på Byglandsfjord Sag har vore med på Setesdalskonferansen dei fleste åra, han var med i komiteen som starta opp heile arrangementet i 2005 saman med Setesdal Bilruter, Nomeland Anleggsmaskiner, Hovden Høyfjellshotell og ei bedrift til som eg ikkje hugsar namnet på, dei var dei fem største bedriftene i Setesdal det året.

Ole Prytz Bruun var kveldens kjøgemeister, og folk var oppmoda til å teikne seg om dei ville kome med ei helsing under middagen. Det vart nokre stev, Leiv Rygg og Tor Hallvard Mosdøl hadde kvar sine og nokre andre og, eit par var nok slik at ein godt kunne unnvore dei, og eit par historier kom vel og i den gruppa. Og så takka Ingebjørg Godskesen for maten.

Sjølv hadde eg tenkt å ha eit stille måltid, men så kom Ørnulf og bad meg lage to stev med namn til nokre av foredragshaldarane, så eg måtte vere usosial ein periode og lage eit par stev. Ørnulf kvo dei og hausta applaus for innsatsen, og når det regnar på presten, så dryp det på klokkaren. Etter at han var ferdig, spurde Petter Planke om å få lappen med steva, og den fekk han av Ørnulf, så då eg i dag spurde om å få manus slik at eg kunne dele det på bloggen, vart eg henvist til Petter. Men han måtte vedgå at lappen var blitt borte i løpet av kvelden, truleg låg han att på bordet på Fjellstoga. Eg tvilar på om eg klarar å rekapitulere det, så det ser ut til at det vart eit dikt for augneblenken og ikkje for æva, men eg prøver likevel det eine av dei to:

Me kom til Hovden på konferanse
og møtte Petter som greip sin sjanse.
Vår festkveld Ole drog vel i hamn
og dalens pris fekk Per Birkeland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *