Gul stripe til Hovden

Share

Denne dagen var det Gul stripe til Setesdal som var sterkt framme i media. Etter at Norsk Transportplan 2014-2024 vart lagd fram, var det glede for setesdølar, ja Leiv Rygg ville ha fest med setesdalsuppe og riksveg 9-kake.

Det kjem nok noko an på augo som ser, for ikkje alle meinte det var så storveges, ein fekk bare 130 av dei 200 millionane ein trong i første omgang, men så hadde ein konsesjonskraftpengar å spe på med lokalt, og då fekk ein nok likevel, vart det sagt.

-Så nå bør folk kjøpe seg gravemaskin og bli med på festen i Setesdal, heitte det i Agderposten. Det er neppe så lett, ein bør nok late dei profesjonelle drive som entreprenørar. Men vonleg vert de utbygging utan stans i åra framover og vonleg kan me få fiksa dei deler av vegen som enno står att. Etter det eg forstår skal me få køyre utanom Langeid alt til hausten, det vil hjelpe mykje, og når Sandnes – Harstadberg etter kvart vert ferdig, er det meste gjort for mi kjørerute.

Vegen sør for Hægeland er imidlertid ikkje mykje å skryte av, om det er gul midtstripe der, er eg ikkje heilt sikker på. Men om det er, så hadde vegen trengt opprustning, for han er svært svingete og ein kjem knapt forbi ein annan bil på strekninga. Så etablerer det seg køar som held seg oppover heile dalen på fredagar, og sundagar er det køar frå Hægeland til Kristiansand. Med rettare vegar og høve til å kjøre forbi, ville det nok blitt smidigare trafikkavviling.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *