Lobbying på direkten

Share

I onsdagskveldens Haralds time med gjester hadde eg lagt opp til ein variert kveld med fire personar. Med meg i studio var Vidar Homme, som fortalde at Valle Sparebank og Evje og Hornnes Sparebank sitt selskap for felles banktenester, tidlegare kjent som Terra, no hadde bytta namn til Eika. I Setesdølen sitt oppslag om dette kunne ein få inntrykk av at bankane hadde blitt med i ei ny gruppe, men det er bare namnebyte, og Vidar fortalde at grunnen var at Terra ikkje gav den tillit som bankane gjerne ville ha etter hendingane for nokre år sidan. Samstundes med namneendringa kom og ei endring i profilen som dette felles selskapet skal ha.

Vidar sat saman med meg heile timen, men eg var lite flink til å fortelje dei som var på telefonen at han var der, så han følte ikkje at han kunne bli så aktiv med i samtalen. Den første som eg hadde på telefonen var Solveig Jore, som torsdag for ei veke sidan tok doktorgraden på flått. Ho vaks opp på Evje, men foreldra hennar er frå Valle. Ho gav oss eit interessant innblikk i forskningsarbeidet sitt og tok seg god tid til å fortelje om kvifor ho hadde blitt interessert i dette. Ho ville bruke doktorgraden til å forske vidare som tilsett på Veterinærinstituttet og såg ikkje for seg å gå tilbake til veterinærpraksis. Forskninga hennar syner at både klimamessige tilhøve og attgroing kan vere årsak til at flåtten breier seg over større område enn tidlegare.

Siste delen av kvelden hadde eg med meg Kjell Ingolf Ropstad og Knut Olav Tveit, som er dagleg leiar av Småkraftforeninga. Kjell Ingolf var på Evje måndagskvelden og hadde pep talk før valgkampen, det hadde vore ein flott kveld, fortalde han. Eg lurte på om han kom på Setesdalskonferansen, men han skulle i Heimevernet den veka, så det ville i så fall bli bare eit kort besøk. Knut Olav Tveit var svært nøgd med at Kjell Ingolf hadde vore med på eit Paragraf 8-forslag i Stortinget. Det handla om at folk som i ein periode bygde småkraftverk og var blitt lova å få vere med i ordninga med grøne sertifikat og likevel ikkje kom med, måtte få bli med. Det gjaldt 180 småkraftverk. For open mikrofon avtalte dei å møtast når Kjell Ingolf var ferdig med HV-øvinga.

Siste delen av innslaget fortalde Knut Olav at han hadde vore i Høgsterett, som no handsamar anke frå grunneigarar i samband med Brokke Nord og Sør. Der hadde han site saman med trivelege setesdølar og høyrt på prosedyrene. Han sa ikkje namna, men den som har fylgd med i avisa, vil vite at Tone Å. Rysstad nok var ein av setesdølane han snakka om.

Til slutt kunne Vidar fortelje at Valle Sparebank gjerne var med i finansiering av småkraftverk, men at grunneigarar i Valle gjerne hadde samarbeidd med selskapet Småkraft, og dei hadde eiga finansiering i samarbeid med storbankar, så der var Valle Sparebank ikkje med. Det vart ein variert og interessant time, syntest eg.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130410

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *