Lokalhistorie

Share

Onsdagskvelden 10. april 2013 vart Setesdal sogelag skipa. I styret kom Hallvard Tveit Berg (vara Margit Dale), Magnhild Rygg (vara Torgeir Moseid) og Bjarne Tveiten (vara Magnhild Bjørnarå.

Det har vore sogelag i Bygland og Valle før, men dei «har lege i dvale» skreiv Magnhild Rygg i Setesdølen dagen før stiftingsmøtet. Dei har ikkje vore særleg synlege og aktiviteten har vore laber. «No er det på høg tid at setesdølar med interesse for lokal soge og kultur vaknar opp att. Mangt og mykje endrar seg, om ikke nett frå dag til dag, så i alle fall frå år til år. Levekåra våre forandrar seg og gjer noko med oss. Det er behov for dokumentasjon for denne utviklinga.» heldt Magnhild Rygg fram.

Det nye Setesdal sogelag er ein del av Agder historielag og på møtet fortalde Beint Foss, som er leiar i Agder historielag om historielagsrørsla i Noreg og Sigurd Brokke spelte munnharpe.

Eg hadde ein samtale med Bjarne Tveiten i Valle Radio onsdagskvelden. Han fortalde då at ein såg for seg å få i gang ei årbok der folk kunne skrive om lokalhistorie. Ei årbok er jo ein kjekk dokumentasjon på historiske tilhøve i ein region, så det kan verte interessant å ha. Elles er det jo etablert ein wiki der alle kan skrive om lokalhistorie, lokalhistoriewiki. Dei er takksame for artiklar om lokalhistorie.

Setesdal er kanskje ekstra godt stelt når det gjeld høve til å profilere lokalhistorie på Internett. Setesdalswiki vil kunne ta det meste av slike artiklar, og formatet med hypertekst, der ein kan klikke på lenker og slik knytte saman element som heng saman, burde vere midt i blinken for lokalhistoriske artiklar. Reidar Tveito har nytta seg av Setesdalswiki til ei rekke lokalhistoriske artiklar som har fått mange lesarar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *