Per Emanuelsen om sjømannskyrkjekveld

Share

I kveld var prostidiakon Per Emanuelsen med meg på telefonen. Han var på veg til Bestestaua i Iveland, der han skulle ha temakveld i lag med diakoniutvalet. I partalsveker har han ein stor aktivitet i Otredal prosti, denne veka hadde han tre offentlege arrangement han skulle vere med på.

I morgon, onsdag, skal han til Landeskogen Peace Center og vere med på eit møte i regi av diakoniutvalet i Bygland. Helga Arntzen skal snakke om fred og forsoning, Birgit Lidtveit skal syngje og arrangementet skal verte tromma inn av Juan Carlos Ortega frå Byglandsfjord. Helga har eit prosjekt som ho kallar Drums for Peace, der ho arbeider for å få ein Trommer for fred-aksjon rundt heile verda.

Per fortalde at dei hadde eit slikt arrangement i fjor og at det var svært interessant å få høyre om visjonane til Helga for arbeidet. Dei er nok ikkje blitt mindre ettar at ho kjøpte Revsnes Hotell.

Til sist fortalde Per om Sjømannskyrkjekvelden han skal vere med på på Hovden fredagskvelden. Det brukar kome mellom tre og femten personar på dei kveldane, og dei er alltid fine samtalekveldar med interessante folk. Han har eit par slike kveldar i semesteret, og set stor pris på dei.

Per Emanuelsen har ein lidenskap for tida, han samlar på andaktsbøker, slike bøker med ein andakt for kvar dag i året. No har han om lag 250, og 22 av dei er frå 1800-talet. Det kom ut svært mange andaktsbøker på 1900-talet, så dei fleste er frå den tida. Han har og dublettar, så av og til høver det at han gjev ei andaktsbok til ein han møter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *