Setesdalskonferansen er starta

Share

Klokka var 10 presis då Setesdalskonferansen 2013 starta i Hovden grendehus. Alt klokka halv ti fyltest foajeen opp med forventningsfulle deltakarar. Varaordførar Tor Hallvard Mosdøl helsa velkommen og hadde ei kort orientering om kva som skjer i kommunen både i privat og offentleg regi. Så introduserte konferanseleiar Styrk Fjærtoft Trondsen Petter Planke og plutseleg var vi midt inne i gründerfortellinga hans. Om TOMRA og Redcord og livet og det å gripe dagen og dei sjansane ein får. Det var ein stimulerande start.

Klokka 11 gjekk vi i bussar og drog til Fjellgarden Hovden. Der møtte vi eit par som har gripe mulighetane dei fekk og produserer kortreist mat så mykje dei maktar. Sidan gjekk turen til Hovden Alpin Lodge der vi fekk høyre om vyer for Hovden Skisenter før vi fekk lunsj basert på kortreist mat.

Det fine med Setesdalskonferansen er høvet til å mingle med folk frå heile Setesdal i pausane. Eg hadde lunsjen saman med Ove Kjetså, som laga logoen til Setesdalswiki, Ørnulf Hasla, Olav Skeie, Knut på Bø, Rune Ingebretsen og Tarald Myrum. Ein kjem innom mange emne i løpet av eit måltid, og Valle Radio var eitt av dei. Eg nytta høvet til å fortelje Olav Skeie at eg hadde hatt med meg Knut Olav Tveit i radioen sist onsdag og at han hadde vore i Høgsterett og høyrt på saka som gjeld Brokke Nord og Sør. Då fortalde han at han hadde vore sakkunnig då saka vart handsama i lagmannsretten.

Etter lunsj var det tid for det mange nok opplevde som eit høgdepunkt første dagen: Jo Breivegen fortalde om Hovden Hytteservice. Det var spennande og imponerande å høyre kva dei har utvikla firmaet til: Frå torvtekking til kraftutbygging. Etter han kom Erling Hellum frå Innovasjon Norge og presenterte tall frå 412 AS i Setesdal før Dag Otto Lauritzen gav oss ein time. Då kom og elevar frå Skigymnaset for å høyre foredraget hans.

Eg skriv bloggen i pausen før vi skal ha festmiddag. Siste innlegg før pausen hadde konferanseleiar Styrk sjølv med tema om å ta styring i eige liv: Frå draum til røyndom.

Medan eg skriv, svingar Else Gyro innom bordet i hallen her i grendehuset. Ho fortel at ho og Gerd Fosse Hovden skal på årsmøtet i Noregs Mållag, dei fekk ein ekstra utsending i vervepremie etter å ha fått mange nye medlemer i Bykle Mållag.

Eg får gje meg og gjere klar for kveldens festmiddag med utdeling av Setesdalsprisen 2013.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *