Spennande onsdagssending

Share

I dag har eg brukt litt tid på onsdagssendinga. Det var særleg timen mellom 20 og 21 som eg tenkte å få litt kjøt på. I Aktuell time likar eg å ta omsyn til tirsdagsutgåva av Setesdølen før eg bestemmer kva vi skal ha med.

I går vart det klart at eg fekk med meg Solveig Jore og Vidar Homme i den første delen av Haralds time. Solveig vaks opp på Evje, foreldra er frå Valle. Ho er veterinær og sist veke tok ho doktergraden på flått. Du las kanskje i Fædrelandsvennen om det, at ein nå kan finne flått like til Valle og like til Harstad. Før fann ein flåtten ved kysten og bare i Sør-Norge. Eg vil i alle fall spørje henne om den kalde vinteren vi har hatt i år, tek knekken på desse små udyra som Dagbladet likar å ha på førstesida. Du kan lese meir om Solveig på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Solveig_Jore

Då eg snakka med Vidar Homme, var han svært positiv til å kome i radioen og fortelje om Eika-bankane. Valle Sparebank og Evje og Hornnes Sparebank har bytta gruppe og er ikkje lenger med i Terra. Det vil vi høyre meir om.

Eg har ei god stund hatt ein avtale med Knut Olav Tveit om å få han med i Valle Radio. Han er dagleg leiar av Småkraftforeninga, foreninga for alle som byggjer småkraftverk i elver og bekker. Han har hus på Tveit i Bygland, så det lokale burde høve. Sjølv er han frå Kristiansand og bur i Oslo.

I kveld var Kjell Ingolf Ropstad på Evje i samband med valkamp-møte for Agder. Han har lova å seie litt om det møtet i sendinga onsdagskvelden, og så skal han og Knut Olav snakke saman. Knut Olav sin jobb er jo å snakke med politikarar om småkraft, og Kjell Ingolf er i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, så om du høyrer på Valle Radio onsdagskvelden, får du høyre korleis ein driv lobbyverksemd for open mikrofon. Eg trur det kan bli ein interessant time.

Meir som sendinga onsdag finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130410

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *