Takk til gode hjelparar

Share

I kveld hadde eg ei kombisending, både tysdags- og onsdagsprofil. Først fekk eg ein interessant samtale med Petter Planke, som hadde innleiingsforedraget på Setesdalskonferansen sist veke. Han var oppglødd over den flotte konferansen. Eg spurde han om han nytta sosiale medier i sitt firma Redcord, slik Gunnhild Hasla fortalde at dei gjorde i Hasla Markveien. Det gjorde dei, dei hadde to tilsette til å ta seg av kontakt med kundene gjennom sosiale medier.

Samtalen med Petter Planke var i staden for Kåseriet, for han skulle ut seinare om kvelden, så han hadde ikkje høve til å vere med seinare. Etter praten med han kom Over ein open Bibel før vi hadde halvannan time med samtalar med gode hjelparar.

Den første var Eli Tomine Moe. Ho fortalde at det var historisk at Bygland og Evje og Hornnes skulle feire 1. mai saman i år. Det hadde aldri skjedd før. Arrangementet tek til med gudsteneste i Evje kyrkje og kransenedlegging på bautaen der. Så startar det på Furuly klokka 14 med aktivitetar for heile familien. I år kan ein og få kjøpe lapskaus der. Klokka 15-15.30 held Trond Blattmann tale for dagen, han kjem frå Kvinesdal, der han har halde tale for dagen på føremiddagen. Eli Tomine kjende han frå partiarbeid og spurde alt i mars om han kunne kome, og det ville han gjerne, så ho var vel nøgd med å ha fått ein så sentral politikar til å kome til Evje denne dagen.

Deretter snakka eg med Jon Rolf Næss, som skal halde talen for dagen på Rysstad. Han var godt i gang med å skrive talen, som nok henta inspirasjon frå Landsmøtet i AP som han nettopp hadde vore på. I Bykle har det ikkje vore tradisjon for å feire 1. mai, men i Eydehavn, der Jon Rolf vaks opp, var dagen like flott som nasjonaldagen.

Spørsmålet om vegline gjennom Frøysnes har blitt sett på dagsorden att, og eg snakka med Torbjørn Borgi, tidlegare ordførar i Bygland. Han meiner at den lina som no er vedteken, kjem til å rasere Nordigard Frøysnes, garden der Lars Liestøl budde, og han tenkjer at ein bør ta kulturhistoriske omsyn. Bygland kommunestyre bør snu og vedta ei anna vegline.

Til slutt snakka eg med Turid Greibrokk som er Bygland bygdekvinnelag sin representant i samband med markeringa av Stemmerettsjubileet 2013 som skal vere på Evjemoen kino. Ho fortalde om filmen dei skal vise og om debatten, vi som bur i Norge har fått vinnarloddet, noko filmen dei skal vise laurdag klokka 15 tydeleg viser. Både menn og kvinner er velkomne til arrangementet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *