Utsikt frå Pernille kafe

Share

I dag fekk eg vindusbord på Pernille kafe på Evje. Det var hønsefrikassé på menyen i dag i tillegg til kjøtkaker, lapskaus og ertesuppe. Eg valde det første og fekk ein god porsjon.

Når ein får vindusbord ein fredag, ser ein kor travelt det er på Evje. Bilar kjem og køyrer, i dag var og motorsyklar ute og lufta seg, det skulle visst vere treff på Kilefjorden. Mange kristiansandarar stoppar, eg trur i alle fall det var det. Nokre går på Polet, andre på Rimi. Apotek og blomebutikkar er og populære ein fredagsettermiddag med solskin. Nokre har stø kurs mot Pernille og får seg middag eller ein kaffekopp.

Det er mange folk som er ute ein fredag. Evje er ein levande handlestad. Denne dagen sat eg heilt aleine, ingen kjende var innom den tida eg sat der. På nabobordet sat nokre postfolk, dei kjende naturleg nok fleire enn eg. Det verkar som om dei kjem her kvar fredag. Deira kommentarar om det dei såg ute på plassen var interessante å få med seg.

Då eg vel var komen ut att, møtte eg byklefolk. Dei studerte menyen og let til å meine at biffsnadder kunne vere god fredagsmat. Sjølv var eg innom Rimi og fekk meg noko frukt eg kunne ha i helga, litt fersk lettsalta fisk var og fristande. Så gjekk ferda nedover dalen medan stor trafikk kom i mot meg. Vinterfinale på Hovden trekkjer mange oppover. God helg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *