Variert kveld med mykje stoff

Share

Denne onsdagskvelden vart nokså variert med mykje stoff. Eg likar å få informasjon når eg er i radioen, og det fekk eg mykje av denne kvelden. Eg vonar at lyttarane og synest det er flott å få litt faktainformasjon i sendinga.

Det starta med ein prat med Bjarne Tveiten om etablering av Setesdal Sogelag, eit lag for dei tre øverste kommunane i Setesdal. Evje og Hornnes sogelag fungerer godt og har god aktivitet, så dei er ikkje med på dette opplegget. I kveld samlast folk på Setesdalsmuseet for å starte laget, og Bjarne fortalde om det som første innslag i radioen i kveld. Eg minna og om Ervingen, syngespelet som vart framført i Spelestoga klokka 19. Vonleg førte påminningane til at folk møtte opp både på museet og i Spelestoga.

Deretter snakka eg med leiaren i Aust-Agder Husflidslag, Helle R. Simensen. Ho fortalde om Åpen Dag som skal vere på Hove laurdag, der Karin Bøe skal fortelje om boka si, Rugger og brossar, og der Annemor Sundbø skal demonstrer strikking med spelsauull som ikkje er spunnen.

Siste del av den aktuelle timen handla om Setesdalskonferansen 2013. Ørnulf Hasla fortalde at opptakten til konferansen var at regionrådet fekk tilbakebetalt arbeidsgjevaravgift som bedriftene betalte inn etter at ESA hadde sagt at alle måtte betale lik avgift i heile Norge. Før hadde Setesdal betalt 9%, så måtte dei betale 14%. Men desse pengane fekk altså regionrådet tilbake, og då brukte dei pengane til å starte Setesalskonferansen, som no er blitt årleg. Men no er det blitt 9% att, så no sponsar Regionrådet konferansen, og medan det før var gratis, må folk no betale ein tusenlapp for alt saman.

Ørnulf anbefalte alle i målgruppa å melde seg på, og så snakka vi med Siren Marcussen Neset, som skal på konferansen og fortelje om Skattefunn. Dette er ei ordning der ein kan søke om å få godkjent prosjekt som vert finansierte med skattelette på inntil 20%. Ein kan og få tilskot. Dette vil ho fortelje meir om på Setesdalskonferansen.

Med dette munna den aktuelle timen ut. Etter den overtok Torleif Harstad med Tankar frå Bibelen. Då fekk eg ein pause, den er alltid kjærkomen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *