Alle slags emosjonar

Share

Overskrifta er henta frå ein reklame på TV-kanalen Eurosport. Det vert litt til at ein ser ein del på TV når ein er sjuk, og Eurosport har hatt svært sjåarvennlege program dei siste par vekene for oss som likar å sjå snooker på TV. I går og i dag/kveld var det finale, og vinnaren vart den som etter kvart peika seg ut som den beste gjennom turneringa, Ronnie O’Sullivan, men taparen Barry Hawkins var i grunnen ein vinnar, han og. Det var første gongen han var komen forbi innleiingsrunden i turneringa og han heldt fylgje med vinnaren ganske lenge.

I helga starta så Giro d’Italia, så no er det sykling som gjeld. Frå i morgon er det full fart på landevegen etter at dei har gjort unna eit par kjedelege tempoetappar i helga. Der er det dramatikk, velt, folkefest og innspurtar kvar einaste dag, så ein har mykje å sjå fram til.

Attpåtil var det Start-kamp på TV i kveld, den enda med uavgjort mellom Molde og heimelaget, og kjenslene var nok sterkaste hos Moldefolka, dei ligg på sisteplass på tabellen. Nyopprykka Start held koken så langt.

Når det høver slik, prøver eg å få med meg ein film på Filmkanalen. Der finn ein og alle slags emosjonar. Og om eg kjem meg opp til klokka sju om morgonen, får eg med meg En engel i blant oss, der prøver serieskaparen å seie noko om Guds gjerning i ei verd der det gode ikkje alltid er så lett å sjå. Det vert emosjonar av slikt og.

Endeleg er det ein amerikansk serie om folk som driv slektsgransking. Den går måndagskveldane og handla i kveld om ein 5 x tippoldefar, ein tysk soldat som kjempa for engelskmennene i frigjeringskrigen då USA reiv seg laus. Han fekk amnesti og vart verande i USA. Den serien gjev historieundervisning og emosjonar i rikt mål.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *