Den opplyste borger

Share

I vår tid melder fleire og fleire seg på i samfunnsdebatten. Alle er kanskje ikkje einige i den påstanden, men eg meiner no det. For ein som skal fylgje med, kan det vere greitt å vite kven folk er som ein les eit innlegg av i VG, Dagbladet, Fædrelandsvennen eller Setesdølen. Ja, sjølv skribentane i Jol i Setesdal kan det vere interessant å få vite noko om.

Dei fyrste utgåvene av Jol i Setesdal hadde biografiske opplysningar om dei som skreiv. Sidan har desse falle ut, eg synest vel ikkje at det har vore med å gjere heftet betre. Avisene har sjeldan særleg forfattarinformasjon på folk som skriv lesarinnlegg, litt meir om dei skriv kronikkar. Men ein må over lang tid byggje seg opp eit inntrykk av folk som tek del i samfunnsdebatten, som oftast utan å finne informasjon om dei nokon stad.

Difor var det ein revolusjon då Internett kom og ein etter kvart kunne finne mykje informasjon der. Då dette vart sett i system med leksikonet Wikipedia, vart tilhøva mykje lettare for dei som leita etter slik informasjon. Her i landet kom informasjon frå bøker og papirleksikon av ymse art til nytte, og den informasjonen tok eldsjeler til å omforme til biografiske tekstar på Wikipedia.

Men nettleksikonet har hatt ein politikk om at folk som skal vere omtalte, må vere meir enn lokalt interessante. Difor er det mest bare ordførarar og varaordførarar frå ei bygd som kjem med, om ein då ikkje har kunstnarlege publikasjonar av noko slag. Kronikkskribentar og lesarbrevforfattarar har ikkje fått plass i eit slikt nasjonalt leksikon.

Difor har Setesdalswiki teke med mykje breiare når ein skal lage biografiar. På den nettstaden er det nok at vedkomande har ein funksjon i lokalmiljøet i Setesdal eller ein relasjon til dalen. Dei fleste som er med i Valle Radio har til dømes fått små artiklar i det lokale leksikonet.

På Wikipedia slit ein med å finne stoff til artiklar om nasjonalt kjende folk, anten dei er med i offentleg debatt eller på annan måte har stukke hovudet litt fram. Men det veks litt kvar dag, folk likar å lese små biografiar om folk som er aktive i samfunnsdebatten. Det er ei nisje for stoff som Wikipedia dekker godt, og med Internett er stoffet tilgjengeleg på mobiltelefon eller nettbrett ved nokre få tastetrykk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *