Lyset gjekk

Share

Tysdagskvelden sat eg i studio i Valle Radio og hadde sending. Første delen av kvelden gjekk fint, Kvartert og Over ein open Bibel gjekk etter planen, det same gjorde første delen av Aktuell time. Ørnulf hadde eit fint minneord om Helge, etterpå fortalde han om Naboskryt-konferansen som skulle vore på Hovden i neste veke, men som er utsett til hausten. Så tok eg ein telefon til Reidar Tveito, som har laga eit nytt opplag av boka om Setesdalsbanen, det første opplaget vart seld ut alt for tidleg. Midt i den samtalen gjekk lyset.

Utan straum er det ikkje lett å sende radio. Straumen var borte i eit halvt minutt, men eg måtte starte frå begynnelsen av og kople meg opp, få i gang datamaskinane att, slik at sendinga kunne gå vidare. Men ein veit i grunnen ikkje så mykje om kva som hender ved eit plutseleg straumbrot og kva som må til for å kome på lufta igjen. Ein datamaskin starta automatisk, ein annan måtte restartast. Korleis linja til Bykle vart påverka, det måtte eg bare gjette meg til. Eit par telefonar for å kople opp, så høyrde eg på radioen at vi var på lufta att og kunne gå vidare.

Akkurat då hadde det vore greitt å ha nokon som visste meir enn meg om det tekniske å snakke med, men då eg prøvde å ringe Jørund, var det bare telefonsvararen eg møtte.

Resten av sendinga gjekk i grunnen som planlagd. Men då sendinga var slutt, gløymde eg å sende melding til Radio Evje. Om dei fall ut då vi hadde straumbrot, veit eg ikkje. Onsdag kom eg nedover dalen og ville høyre på Radio Evje, men den var taus. Då kom eg på at eg hadde gløymt å sende melding etter sendinga kvelden før, så eg tok mobiltelefonen og sende melding der og då, og plutseleg var det liv att. Eg er lei meg for det, men skuldar det nok litt på straumbrotet midt i sendinga mi.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *