Minnestund for Helge

Share

I går kveld klokka 18 hadde vi minnestund for Helge Dahle i Valle Radio. Ørnulf sende ut sms til kontaktlista for folk i radioen, og det vart stappfullt i den vesle salongen vår, det er jo i grunnen bare plass til seks-sju personar der, men i går kveld var vi nok minst tjue.

Ørnulf hadde laga eit lite minneord om Helge. Det las han opp, og så hadde vi eitt minutts stillheit der vi minnast den gode venen og medarbeidaren vår i radioen.

Etter det fekk Rolf Erik Homme ordet og han gjekk gjennom arbeidet som politiet har hatt i denne saka. Sjølv var han ikkje på vakt, dei som hadde vakt, heldt til på Evje og i Bygland, så det tok si tid før politiet kom fram. Ambulansefolka kom tidleg, bare eit kvarter etter hendinga, og dei frakta båra til Rysstad, der luftambulansen henta han. Politiet tok gjerningsmannen med seg til Kristiansand. Sjølv hadde Rolf kome til Sandnes i åtte-tida sundag morgon, det stod att ein del politiarbeid også då, og i tida framover vil det vere meir arbeid.

Etter at Rolf Erik hadde hatt si orientering, var det tid for spørsmål og kommentarar, og folk fekk gje uttrykk for tankar og kjensler. Etter ein time gjekk dei første, men fleire blei att ein time til. Jørund fann fram lydkutt med Helge på radioen sin datamaskin og spelte nokre, og vi mintest morosame stunder saman i radioen.

Etter det eg høyrer, skal gravferda vere tysdag 4. juni. Då vert nok kyrkja alt for liten, det er restriksjonar for kor mange ein kan ha på galleriet, men truleg vert det overføring i høgtalar slik at folk som står ute, får fylgje med. Etter gravferda vert det minnestund i idrettshallen.

I kveld klokka 18.30 vil Ørnulf dele minneord i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *