Sauer, ull og hyrding

Share

I kveld var det Bjørgulv T. Berg som hadde sendinga i Valle Radio. Han tok over for meg då eg fekk influensa og måtte kaste inn handkleet. I den aktuelle timen snakka han fyrst med Torleiv Jore, som var travelt oppteken med lemming. Han meinte at ein måtte ha tre lam under ein sau, det burde vere det normale. Han hadde og erfaring for at om ein sløkte lyset i sauefjoset om natta, så kom det ikkje lam om natta, så han hadde slutta å sove i sauefjoset i lemmetida.

Deretter hadde Bjørgulv Annemor Sundbø på tråden. Ho feirar jubileum i desse dagar, laurdag er det ope hus på Ose, Coop Marked Ose står for serveringa, for dei feirar og 20 år i ny butikk. Annemor på Ose Ullvare held til i den gamle Coop-butikken på Ose, og laurdag opnar ho biblioteket sitt så folk kan sjå oppskrifter og mønsterbøker. Utstillinga av votter og kofter er og oppe, og om ein ikkje er nøgd med serveringa på Coop, kan ein gå på Turistheimen.

Annemor var særleg oppteken av den gamle norske spelsauen, perspektivet hennar var at det einaste ein har att frå vikingtida, er ull frå denne sauen, laga til klede eller til segl. Det skulle mykje ull til å lage segl til båtane, alt måtte spinnast av kvinner som valde ut den best eigna ulla til føremålet. Og det var på Uppstad denne sauen overlevde, utan at ein hadde teke vare på sauen der, ville sauen tilpassa norsk landskap gjennom 1000 år ikkje lenger vore ein del av norsk dyreliv.

Endeleg snakka Bjørgulv med sokneprest Terje Seilskjær, som fungerer som prost og som har søkt på stillinga som er 50% og som no er ledig. Han fortalde kva stillinga inneber, mellom anna personalansvar for prestane i prostiet og oppgåver med å finne vikarar når nokon må ha fri av ein eller annnan grunn. Terje fortalde at han likte å vere leiar og hadde leiarerfaring frå fleire stillingar, mellom anna frå Søgne Kultursenter/Søgne Gamle Prestegard.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *