Alt som er godt

Share

Denne veka har Ukens konkurranse på Bokmålswikipedia vore Stortingsrepresentantar. Det er mange stortingsrepresentantar som ikkje har artikkel, så vi har gjort ein innsats for å skrive nye artiklar og fikse på artiklar som alt er på plass. Eg har vore konkurranseleiar for denne konkurransen, og det har ført til at eg sjølv også har skrive nokre artiklar. Men det tek seg ikkje ut at eg vinn ein konkurranse eg sjølv leiar, så eg må vere litt forsiktig, sjølv om det ofte er slik at når ein kjem i gang, så vil ein gjerne skrive meir. Her kan du lese meir om konkurransen: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse/Ukens_konkurranse_2013-26

Det var ei liste over om lag 400 stortingsrepresentantar som hadde artikkel på engelsk wikipedia, men ikkje på norsk. Eg tenkte eg skulle sjå på den, og då oppdaga eg ein person eg kjende. Det var Lars Aasgard frå Hordaland. Han hadde to periodar på Stortinget på 1970-talet, men eg kjende han som landsstyreformann i Den indre Sjømannsmisjon då eg arbeidde der frå 1972 til 1976 som redaktør av Fiskerens Venn. Å lese om alt han hadde gjort gjennom livet, kan ta pusten frå nokon kvar, bare les sjølv på http://no.wikipedia.org/wiki/Lars_Aasgard

På den tida eg arbeidde i Bergen, møtte eg Lars Aasgard ganske ofte. Eg var ung og hadde fått ansvaret for organisasjonen sitt hovudorgan, og det var ikkje alltid like lett. Men Lars Aasgard støtta meg og oppmuntra meg til å halde fram. Eg hugsar ikkje samanhengen då han sa det til meg, det var første gongen eg høyrde munnhellet, men sidan har eg høyrt det mange gonger og brukt det sjølv: Alt som er godt er anten syndig eller feitande. Eg måtte jo le, det kom frå ein from lekpredikant og tidlegare stortingsmann, men du verda kor sant det er.

Etter å ha skrive om Lars Aasgard, kom eg til å hugse at Oliver Dahl-Goli, som var generalsekretær i Den indre Sjømannsmisjon i om lag 30 år, også hadde vore på Stortinget. Dermed tok eg meg på tak og skreiv om han også. Han døde då eg var i Bergen, men dotter hans arbeidde på hovudkontoret til DISM saman med meg, og ho heldt fram etter at eg hadde slutta i 1976.

To KrF-stortingsrepresentantar har altså fått artiklar på Wikipedia denne veka, begge hadde sterk tilknytning til Den indre Sjømannsmisjon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *