Historie og lokalhistorie

Share

I går kveld vart eg sitjande og sjå på eit program på NRK om mor til prins Philip, prinsesse Alice, som gifta seg inn i den greske kongefamilien. Programmet presenterte ei interessant historie om ein person som hadde eit vanskeleg liv, men som vann over vanskane og fann ei oppgåve å vie seg til.

Gjennom vel fire år har eg no skrive på Setesdalswiki, og der kjem eg ofte over spennande tema som godt kunne vore grunnlag for lokalhistoriske artiklar. Men det er visst alt for få som er opptekne av lokalhistorie, for det er vanskeleg å finne stoff som kan vere kjelder for leksikonartiklar. Ofte treng ein då artiklar med historisk oversyn, men det er vanskeleg å finne, i alle fall på Internett, men sikkert og på trykk. Og om det er på trykk, korleis finne det og gjere seg nytte av det?

I Setesdølen fredag var det eit intervju med Bjarne Johansen. Han var ordførar i Evje og Hornnes i 1990 og 1991. Det førte til at eg tenkte at tida var inne til å setje opp ei ordførarliste for Evje og Hornnes. Kommunen vart slått saman i 1960, men kven har vore ordførarar og varaordførarar dei 50 åra kommunen har eksistert? Det er ikkje råd å finne noko stoff på heimesidene til kommune, dei presenterer bare noverande ordførar. Gjennom litt original forsking fann eg nok til å prøve meg på ei liste, den kan du sjå her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Liste_over_ordf%C3%B8rere_i_Evje_og_Hornnes

Det er sikkert fleire feil på den, og ho går ikkje lenger tilbake enn til 1983, det er altså over 20 år som ikkje er dekte. Og ingen varaordførarar er på plass enno, sjølv om eg jo kunne skrive inn noverande og forrige varaordførar ut frå kommunestyrelistene eg trass alt har.

Tilsvarande gjeld for dei andre kommunane i Setesdal. Og det er bare eitt emne som eg her nemner. Kva med barnehagehistoria i kommunane? Finst det noko om den utviklinga? Dei siste 50 åra har Setesdal gått gjennom ei rivande utvikling, ikkje minst takka vere kraftutbygginga, som vel starta for alvor tidleg på 1960-talet. (Brokke Kraft feira jo 50 årsjubileum for eit par år sidan). Å skrive lokalhistorie for Setesdal er å skrive om små emne og så kunne byggje dei saman til ein større heilskap. Det er godt at vi har fått etablert Setesdal sogelag, vonleg vil det stimulere folk til å skrive lokalhistoria vi treng for å kjenne kulturen og samfunnet vi lever i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *