Meteoritt i Valle

Share

Dersom eg hadde hatt ansvaret for onsdagssendinga i Valle Radio i morgon, noko eg ikkje har, for det er sommarferie og inga sending, hadde eg nok prøvd å få ein prat med mannen som fann Valle-meteoritten. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle-meteoritten

Han heiter Terje Fjeldheim, er ingeniør frå Kongsberg og arbeider i Nordsjøen. Etter ein tur i Rogaland kom han over Brokke-Suleskar og tenkte å ta nokre dagar å fiske på fjellet. Om han gjorde det, veit eg ikkje, men det vart nok ikkje så mykje snakk om fiskelukke etter den turen. I ei myr på fjellet fann han ein meteoritt på mellom fire og fem kilo, den 4. største meteoritten som er funnen i Norge. Det er bare funne 16 meteorittar på nesten 200 år, så ein kan vel trygt seie at det var eit sjeldent funn.

Terje Fjeldheim vil ikkje seie kor i Valle han fann meteoritten, for han vil heller tilbake til området og leite litt meir sjølv og ikkje late andre kome han i forkjøpet. Men han antyda at han ein gong seinare vil seie meir om kor han fann meteoritten.

Saka kom på NTB, i Fædrelandsvennen og i dagens Setesdølen. Etter det eg forstår av Wikipedia, fall denne meteoritten ned 1. mars 2012. Den har altså lege i heia vel eit år.

I samtalen med Terje Fjeldheim ville eg gjerne fått vite kva han tenkte då han tok steinen med til Naturhistorisk Museum på Universitetet i Oslo. Truleg ville eg og prøvd å få tak i Knut Jørgen Røed Ødegård, han pleier å vere entusiastisk i slike situasjonar. Eg trur det ville blitt god radio. Men no er det sommarferie, så slike journalistiske innfall får nok bare kvile i fantasien og kanskje dukke opp på bloggen min i sommar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *