Mykje stoff

Share

I dag kom innkalling til kommunestyremøtet i Valle neste onsdag. Det skal sendast i Valle Radio, så du kan skru på radioen klokka seks som vanleg den kvelden og få lokale stemmer inn i stova.

Det hadde vore ei diger bunke papir om kommunen ikkje hadde gått over til iPad for medlemene. 360 sider kom eg til. Og då var ikkje søknaden om salsløyve for alkohol for Joker kome med. Eg lurer på om Kent Even har gløymt å sende inn søknaden, eller om det har gått med den som det gjorde med søknaden til Systog-Dale tidlegare i år, den forsvant jo i papirhaugen.

Medan den tidlegare søknaden til Margit Dale bare var for perioden fram til 30. juni, var søknaden no etter same mønster som dei andre søknadene. I Setesdølen kommenterte rådmann Eivind Berg at den midlertidige søknaden frå Systog-Dale mangla uttale frå politi med at det kunne ein skaffe i ettertid og at løyvet ikkje kunne gjelde før den var på plass. I ein del andre samanhengar seier ein frå kommunen klart og tydeleg at søknader ikkje vert handsama før alle dokument er på plass. Eg tenkjer nok at slik burde det vere også for søknader om skjenkeløyve. Tenkjer kommunen service, kan ein nok gjere som i denne situasjonen, men då lurer eg på kvifor ein ikkje tenkjer service i andre løyvesaker, men heller ventar til alt er på plass.

Det var vel rekneskapen som tok flest sider av papira kommunestyrerepresentantane fekk for å gå gjennom før møtet. Det ser ut til at den kjem ut med eit svært godt resultat, fleire millionar i overskot, meiner eg at eg las. Men no er det slik at i ein kommune er overskot vel helst eit teikn på at ein ikkje har fått gjort alt ein har tenkt å gjere, så då er vel spørsmålet om 2012 var eit godt eller dårleg år noko ope. Det kan verte spennande å høyre på Valle Radio neste onsdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *