Frå Kristiansand til Skudeneshamn

Share

I fjor hadde NRK stor suksess med hurtigruteseilas frå Bergen til Kirkenes. I år har dei lagt programmet Sommeråpent, som i fjor vel var på taket av Operaen, til det gamle hurtigruteskipet Ragnvald Jarl, som no seilar under namnet Sjøkurs. Tidlegare har det og hatt namnet Gann. Begge dei to siste namna indikerer opplæring av sjøfolk.

Men i sommar seglar altså Sjøkurs med NRK langs norskekysten for å lage TV-program. I utgangspunktet er det snakk om program om kvelden, men som spin off får vi sjå flotte bilete frå kysten heilt frå Oslo og nordover. I dag gjekk dei frå Kristiansand til Skudeneshamn, og sendinga starta alt klokka halv seks. Sjølv kom eg vel på då dei var komne utanfor Jæren, der dei fekk levert varer av ein båt frå Jæren Kystlag. Men resten av ferda var det vanskeleg å rive seg laus frå, så fram mot halv to vart ein sitjande og fylgje seilasen i sol og stille ver nordover forbi Jæren og Kvitsøy mot sørlegaste punktet på Karmøy.

NKR har vore flinke med slik slow TV. Slik er det også i desse programma. Dei fyller sendeflata på NRK1 det meste av føremiddagen. Vakker natur og tidvis litt musikk, det held oss likevel i TV-stolen. Vi let oss imponere av kameraet med ein veldig zoom, så ser vi på annan trafikk på sjøen og nyt bileta framover føremiddagen. I dag vart dei helsa velkomne til Skudeneshamn med flagg, shantykor og eit kakebord som kunne ta pusten av både reportarar og dei frammøtte, men eg var minst like imponert over akrobaten som stod på hendene på kaien og mest gjekk i bru framfor masse publikum på kaien og bak skjermen.

Desse timane med seilas blir så komprimerte til ein halvtime som vert sendt rett etter Dagsrevyen, og då gjerne med litt meir samtale og oppsummering, før sjå sjølve målet for seilasen, Sommeråpent-programmet kjem klokka 21.30. For meg er det eigentleg ikkje så viktig, men reisa er ei oppleving eg gjerne vil få med meg når eg har høve til det.

Kveldens Blog for Harald finn du her: http://blog.setesdalswiki.no/2013/07/kanskje-var-det-hagesanger/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *