Fuglekikking

Share

Den første tida etter at eg kom til Valle, vart eg kjent med fleire folk i Setesdal ornitologiske forening. Knut Høgevold, Olav J. Tveit og Hallvard Tveit Berg var aktive fuglekikkarar. Eg veit ikkje kor aktive Knut og Hallvard er lenger, men Olav held koken saman med Lars Breistøl og andre honndølar. Eg hadde forresten Lars med i eit program i Valle Radio for mange år sidan der han fortalde om hobbyen deira. Ole Aa. Brattfjord er ein annan ivrig fuglekikkar.

Sjølv har eg ikkje vore nokon aktiv fuglekikkar, men dotterson min på 11 år har hatt glede av denne hobbyen. No er han på besøk hos oss i sommarferien. I juni kjøpte han seg nytt kamera med zoomlinse, og han har alt teke bilete av fleire fuglar. No har vi gjort ein avtale om at han skal ta bilete og eg skal skrive på Blog for Harald om bileta han tek, ikkje nødvendigvis bare fuglar, men vi starta med eit fuglebilete. Du kan lese om det her: http://blog.setesdalswiki.no/2013/07/juli-2013/

Det er ganske lenge sidan eg har skrive på den bloggen, det var tilbake i april, før eg fekk vårens influensa. Men i sommar vil eg skrive litt der i samarbeid med Håkon, på den bloggen har eg bilete, det har eg ikkje her. Valle Radios blogg har vore tekstbasert og utan bilete i alle år, og det vil den nok framleis vere om ikkje inspirasjonen frå å skrive biletrelatert skulle ta heilt over i løpet av sommaren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *