Gratulerer, Tor Hoslemo

Share

Tor Hoslemo vann B-klassa på Landskappleiken 2013 og spelte seg dermed opp i A-klassa. Eg saksar frå artikkelen om han på Setesdalswiki:

Tor Hoslemo (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå Bykle kommune både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend på 30.000 kroner i 2007. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Dei viktigaste er Marton Laksesvela og Vidar Lande, og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet.

Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på Blakstad videregående skole og påbyggingsår for å få studiekompetanse på Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes, der han var ferdig våren 2011. Hausten 2011 starta han så på folkemusikkutdanninga på Rauland.

I 2009 gav han ut plata Dalstroka innafor saman med Gard Nergaard frå Øyslebø og Johanne Flottorp frå Åmli. Plata vart gjeven ut av Agder Folkemusikkarkiv i samarbeid med Etnisk Musikklubb og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv.

Tor Hoslemo var den eine av tre medlemmer i gruppa Fjellfolk. I juli 2013 kan du møte han i Setesdal Kulturpatrulje. Der er han saman med Tor Espen og Birgit Annette Helle, Sigrid B. Berg og Sigrid K. Jore. Dei har konsertar rundt om i Setesdal i juli, i dag var dei på Glashytta kl. 17:00. Seinare i sommar har dei dette programmet:

Fredag 5. juli 2013: Hovden sentrum kl. 13.:00 / Valle sentrum kl. 15:30
Laurdag 6. juli 2013: Troll Aktiv kl. 13:00 / Mineralparken kl. 15:00
Torsdag 11. juli 2013: NM Akro i Bygland kl. 13:00 / Glashytta kl. 15:00
Fredag 12. juli 2013: Neset Camping kl. 13:00 / Odden Camping kl. 15.30
Laurdag 13. juli 2013: Rygnestad slåttedag kl. 13:00 / Hovden sentrum kl. 15:30
Torsdag 18. juli 2013: Dyreparken kl. 13:00 / Dyreparken kl. 15:00
Fredag 19. juli 2013: Neset Camping kl. 13:00 / Ose Countryfestival kl. 15:00
Laurdag 20. juli 2013: Evje jordbærfestival kl. 13:00/ Ose country festival kl. 16:00
Torsdag 25. juli 2013: Flateland Camping kl. 17:00 / Bykle kyrkje kl. 19:00
Fredag 26. juli 2013: Mineralparken kl. 13:00 / Odden Camping kl. 15:00
Laurdag 27. juli 2013: Canal Street, Arendal kl. 13:00 / Canal Street kl. 15:00

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *