Lesarinnlegg på Setesdalswiki

Share

Då eg i kveld skreiv inn overskriftene i gårsdagens Setesdølen på Setesdalswiki, las eg lesarinnlegget til fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund ein gong til. Og så tenkte eg at det kunne fleire få lese. No er det slik at Setesdølen ikkje har særleg fyldige nettsider, så lesarinnlegg som har stått i avisa, må finne andre publiseringsformer på Internett. Då kan Setesdalswiki av og til vere ei slik plattform.

Eg sende ein førespurnad til han, og ikkje lenge etter fekk eg innlegget. Då laga eg ei lenke frå overskrifta i avisa og la inn brevet. Ettersom fleire folk var omtalt, kunne eg lenke dei, og i det heile fekk lesarinnlegget ein meirverdi ved å kome i Setesdalswiki. I tillegg fann Reidar Tveito eit bilete frå Valle austhei å illustrere artikkelen med, biletet frå Glåmsheii mot Ljomsnuten løfta artikkelen og synte noko av landskapet som planen omhandlar.

Om eg hadde hatt sending i Valle Radio neste veke, kunne det vore fint å snakke med Bjørgulv om dette, for her får Høgremannen kyte av SV-Solhjell, og det er ikkje kvar veke at noko slikt skjer. Kunne det skje i Valle Radio, trur eg det ville vore godt stoff for radioen. No vart det godt stoff for Setesdalswiki, og sanneleg vart det ikkje også ein liten snutt på bloggen om det i kveld. Du kan lese innlegget her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Heieplan_godkjend_utan_endringar

Takk, Bjørgulv!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *