Litteraturfest på Landeskogen

Share

I kveld gjekk Landeskogen Litteraturfest av stabelen. Eg snakka med Gunstein Bakke om arrangementet i siste sendinga eg hadde i Valle Radio før ferien. Han fortalde levande og interessant om arrangementet, eg skreiv ein blogg om det etter programmet. Eg kunne nok hatt lyst til å vore med der, men sidan eg ferierer i Mandal, kom eg meg ikkje oppover.

Eg laga imidlertid ein artikkel om arrangementet på Setesdalswiki. Den artikkelen vart artikkel nr. 4300 i leksikonet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Landeskogen_Litteraturfest I samband med denne vart det mange røde lenker om ein skulle lenke alle som deltok. Mange av dei hadde imidlertid artiklar på Wikipedia, og ettersom Setesdalswiki brukar same programvaren som Wikipedia, kunne eg lage lenke til leksikonet for mange av forfattarane. Dei som ikkje hadde artikkel på Wikipedia, skreiv eg om, eg har kome til at eg vil skrive om folk som gjestar Setesdal, ikkje bare folk som bur og arbeider i dalen eller er frå Setesdal. Difor er det etter kvart kome artiklar om mange predikantar og misjonærar i samband me omtale av arrangement i kyrkjer og bedehus. På denne måten blir Setesdalswiki også ein alternativ wiki med stoff som ein ikkje kan finne på Wikipedia.

Eg vonar at det vert referat frå arrangementet anten i aviser eller frå deltakarar, slik at eg kan få på plass litt meir informasjon om dette på Setesdalswiki.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *