Ny prost i Otredal

Share

I vår fortalde sokneprest Terje Seilskjær, som har vore vikarprost etter at Bernt Olav Jensen døydde, at han hadde søkt prostestillinga i Otredal. I går kom meldinga om at Gunnar Ellingsen hadde fått jobben. Eg trur mange i Øvre Setesdal er glade for at vi får behalde Terje som prest i Valle ei stund. Han har på kort tid blitt ein kjær prest for hylstringar, valldølar og byklarar.

Den nye prosten, som skal halde til i Vennesla, har fått artikkel på Setesdalswiki. Her er det eg fann ut om han då eg skreiv artikkelen:

Gunnar Ellingsen (født august 1960) er prost i Otredal prosti frå 2013. Han er opphaveleg frå Herefoss og hadde ungdomstida si i Oslo. Han er gift med Hilde og har tre vaksne born. Etter presteutdanninga vart han i 1987 ordinert til feltprest på Evjemoen, der han var i to år. Sidan har han hatt presteteneste i Kirkenes og Tønsberg. Før han kom til Vennesla som prost i Otredal prosti, var han frå 2007 til 2013 sokneprest på Langhus i Ski kommune. Han har og vore sjømannsprest. I ni år var han i teneste i sjømannskyrkja, først på Gran Canaria og sidan i København. Begge stadene hadde han mange vigsler, på Gran Canaria kunne det vere 150 vigsler på eitt år i Sjømannskirka i Arguineguin.

Det meste av informasjonen fann eg i Setesdølen tysdag, men i artikkelen er det lenker til anna informasjon og. Du kan lese artikkelen sjølv her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunnar_Ellingsen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *