Sentrumsplan i Valle

Share

Det siste kommunestyremøtet før ferien vedtok sentrumsplanen i Valle. Dermed er ein prosess som starta i 2004 ført til endes. No er rammene for bustadbyggging og næringsutvikling i Valle sentrum på plass. I tilknytning til Leite bustadfelt kan det kome fleire bustader og i området ned mot riksveg 9 kan det kome næring om nokon som vil drive næringsverksemd der får kjøpe areal av grunneigaren. Det er ordførar Tarald Myrum som er grunneigar, difor har han vore inhabil i arbeidet med planen.

Gjentekne gonger har det vore diskutert om signalbygget skal kome og om korleis det skal vere. No når planen er ferdig, kan det byggjast, om nokon finn ut at dei vil byggje det. Det er og kome på plass det som trengst for å lage ei rundkøyring ved avkjørsla frå riksveg 9. Endeleg er det regulert inn plass for ny kyrkjestoge på jordet nord for kyrkja.

Sjølv om planen no er klar, er det ikkje sikkert at det kjem butikkar nede ved riksveg 9. Eg er ikkje sikker på om det er noko god løysing, for det kan fort føre til at det trivelege miljøet i sentrum forvitrar. Det må jo vere folk der om det skal vere triveleg. Om Coop og Joker flytter frå sentrum og ned mot riksvegen, vert jo sentrum tomt. Særleg gjeld det om Coop flytter, etter mi meining. Dei har post, medisinutsal og tipping, det er funksjonar som folk gjerne må innom. Om dei funksjonane vert flytta ned mot riksveg 9, vil det bli mykje mindre folk i sentrum. Om Joker flytter ned, vil folk framleis ta turen opp i sentrum til Coop for å nytte desse funksjonane, difor vil det framleis verte liv i sentrum med ei slik løysing.

Framtida vil syne kva veg utviklinga vil ta i Valle sentrum. Planen ligg no der og legg føringar, men til sjuande og sist er det initiativ frå folk som vil skape noko som trengst om den skal bli eit godt verktøy for vidare utvikling.

Artiklane i Setesdølen fredag 5. juli var ei god oppsummering av situasjonen. Den som vil lese heile sentrumsplanen, kan finne den på Valle kommune sine heimesider: http://www.valle.kommune.no/councilmeeting.aspx?ObjectType=ePhorteCommitteeMeeting&ePhorteCommitteeMeeting.ID=555

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *