Stortingsval

Share

Eg skulle jo gjerne stemt på den einaste setesdølen som kan kome på tinget i neste periode, men ettersom eg er manntalsført i Mandal, kan eg ikkje stemme på Kjell Ingolf Ropstad, som stiller for Aust-Agder KrF.

Som vekependlar har eg førehandsstemt dei siste åra, anten i Mandal eller på Velkomstsenteret i Valle. Men i år var det høve til å stemme elektronisk for folk som høyrer til i Mandal, så eg tenkte eg skulle prøve det. Valkortet hadde god informasjon om korleis eg skulle gjere, så eg logga meg inn på http://evalg.stat.no

Eg måtte identifisere meg med bank-id, har ein nettbank, så har ein bank-id. Dermed var det heile svært enkelt og plutseleg hadde eg stemt og fått sms med stadfesting for at det eg gjorde, var blitt registrert. Om no valsendingane siste veka skulle overtyde meg om at eg bør velge eit anna parti, kan eg gå inn att og stemme ein gong til, siste avgitte stemme er den som tel, og om eg skulle levere papirstemmeseddel, vil alltid den telje, då vert elektronisk stemme anullert.

Situasjonen for Valle Radio i høve til stortingsvalet 2013 er at vi ikkje startar sendingar før valet er over. Så det blir ingen valkamp i sendingane våre. Det kan sikkert vere like godt, det er mykje av den slags i alle media no for tida. Men det blir spennande å sjå om Aust-Agder sin setesdøl klarar å berge plassen. Kjell Ingolf var den mest aktive representanten frå Agder på Stortinget i siste periode om ein ser på innlegg i debattar. Han har også vore mykje i media, og han har ikkje gløymt kor han kjem ifrå.

Godt val

Årsmøte

Share

-At vi ikkje har hatt årsmøte enno, ligg over meg som ei mare, sa styreleiar Ørnulf Hasla til meg i går kveld. Eg slo opp og fann ut at fjorårets årsmøte var 7. mai, så tidleg klarte styret ikkje å få til noko i år, og så kom dødsfallet til Helge Dahle 26. mai, og plutseleg var det sommar utan at vi hadde hatt årsmøtet.

Valle Radio har sommarferie, det vil seie at vi ikkje lagar sendingar i juni, juli og august. Dermed skulle vi starte opp sendingane i neste veke. Men no vert det årsmøte onsdag 4. september, så då vert det ikkje sending. Eg rådførte meg med Ørnulf og vi kom til at vi heller ikkje startar opp tysdagssendingane før etter årsmøtet, så første sending i haust blir då tysdag 10. september.

Sjølv måtte eg bare og erkjenna at referatet frå årsmøtet i 2012, som eg vart vald til å skrive, hadde gått i gløymeboka. Det vart ikkje skrive noko referat frå det årsmøtet, og ikkje hugsar eg så mykje heller no, det er jo over eit år sidan. På bloggen klarte eg bare å finne dagen møtet hadde vore og årsmeldinga for 2011.

Det er eit problem når ein ikkje gjer ting med det same, men utset det. Plutseleg hugsar ein ikkje at ein skulle gjere det, tida går og så hugsar ein heller ikkje kva som skjedde. Då er det ikkje lett å skrive referat. Om eg skal kunne rekonstruere eit referat, må eg nok ha hjelp frå nokon av dei som var der.

No vert det altså årsmøte på Sølvgarden onsdag i neste veke klokka 18. Då vil og lista over programleiarar, teknikarar og telefonvakter vere oppe til diskusjon, slik vi har hatt det før om åra. Og så blir det middag. I dag lyste Ørnulf etter fleire folk på Facebook til å vere med i å lage sendingane, vi treng nye medarbeidarar på alle funksjonar i radioen. Meld deg på til Ørnulf så snart som råd, ikkje lat det gå i gløymeboka om du har lyst å melde deg på.

Løysing for Kunstlaget?

Share

I dag var Ånund K. Homme innom og kunne med glede fortelje at det kanskje vert ei løysing for Bykle og Valle kunstlag. Han har jo sagt frå at han ikkje lenger vil halde på, denne sesongen er den siste han er leiar i laget. Årets utstilling med Tove Krogh i lokala på Husfliden i Valle har hatt litt sal, men Ånund vonar på ei vitalisering av laget med nye folk og har vore lite lysten på å leggje laget i møllpose. Les meir om Ånund K. på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%85nund_K._Homme

Kan hende vert dette med kunstlaget ei sak for Valle Radio i neste veke, om det då er slik at vi verkeleg skal starte opp att med sendingane då. September kjem sundag, og dermed er sommarferien over. Men det har foreløpig ikkje blitt sett opp liste, så eg er litt usikker.

Når det gjeld tysdagssendingane, så var Niklos innom meg i går og melde frå at han ikkje kunne vere med første tirsdagen, men at han hadde planlagt eit Mendelssohn-program den 10. september. Mange likar Mendelssohns musikk, så det blir nok eit flott program som vanleg når Nikols set saman ei speleliste. Kva som skal skje tysdag 3. september får du vente med å få vite til eg kunngjer programmet. Men vonleg blir det i kjent stil, eg ser ikkje for meg så store endringar i oppsettet.

Filmar på biblioteket

Share

Å leie ut film har vore ei inntektskilde for kioskar og bensinstasjonar som har opne butikkar ei stund utover kvelden. Men biblioteket har og filmar, dei kan ein låne gratis.

Eg vart sitjande å sjå filmen The Reader med Kate Winslet og let meg rive med i eit drama om ei kvinne som ikkje kunne lese og skrive, men som likevel sa at ho hadde skrive ein rapport om ei hending der mange jødiske kvinner vart drepne under 2. verdskrigen då ei kyrkje der kvinnene var innesperra, vart råka av bomber og brann opp. Dette førte til at ho fekk livstidsstraff i fengsel medan dei medskuldige fekk fire år.

Ungguten på 15 møter kvinna på 35 etter krigen då ho har fått jobb som trikkekonduktør. Dette er før rettsforfylginga. Dei innleier eit seksuelt forhold som varer ein sommar der han også les bøker for henne. Han skjønar at ho ikkje kan lese, og då han som jusstudent nokre år seinare, er til stades i rettssaken og høyrer henne seie at ho skreiv rapporten, kjem han i eit dilemma, han kunne fortelje retten det han visste, men han veit at ho ikkje vil at nokon skal vite det.

Filmen er to timar lang og svært interessant. Kate Winslet fekk Oscar for rollen sin, og eg opplevde ikkje at filmen var kjedeleg, slik enkelte kritikarar gjorde. VG gav 3 på terningen, Dagbladet 5. http://www.vg.no/film/film.php?id=10304
http://www.dagbladet.no/film/film/?id=147334

Filmar på biblioteket er i tillegg til å vere gratis, også ofte basert på bøker. Denne filmen er basert på ein tysk roman av Bernhard Schlink http://no.wikipedia.org/wiki/Bernhard_Schlink Romanen er og omsett til norsk: Høytleseren, roman. 1997 Gyldendal ISBN 82-05-32742-4

20 år etter rettssaka er ungguten Michael Berg ein akta advokat. Då skal fangen Hanna sleppast fri frå fengsel, men ho har ingen å reise til. Ho har samla pengar i fengselet, og dei vil ho gje til den eine jenta som overlevde brannen i kyrkja under krigen. Også den scenen er interessant, så filmen har tankevekkande stoff heilt til det siste.

Det er ingen artikkel om filmen på norsk Wikipedia, så eg nyttar lenka til den engelske artikkelen: http://en.wikipedia.org/wiki/The_Reader_(2008_film)

Historisk dag

Share

Sundag var ein stor dag på Ålgård, skreiv eg i bloggen i går. Kan hende det er rett å kalle den historisk. Då vart fyrste spadestikket til ny kyrkje teke av ordførar Olaug Bollestad. Den gamle kyrkja på Ålgård var bygd av DFU og private gåver, ho kom på knapt 29.000 kroner i 1917. Når den nye står ferdig om eit år, vil ho ha kosta om lag 50 millionar kroner.

Eg var med på denne dagen. Som du ser på bileta på http://www.aftenbladet.no/gjesdal/Spadestikket-som-betyr-sa-mye-3239060.html#.UhyjctJHJFv var det ein solskinnsdag og eit par hundre menneske var samla, først til gudsteneste, deretter til kyrkjekaffe og grillmat før det var tale og tid for graving.

Gudstenesta var heilt spesiell, ikkje ofte eg har vore med på noko slikt. Eit band stilte seg opp i kordøra og stod for sangen. Trompetar, keyboard, slagverk og gitarar i tillegg til fem vaksne vokalistar og fleire barn. Songane var litt meir moderne enn dei ein finn i salmeboka, den einaste ordinære salma i heile gudstenesta var Dine løfter er mange. Tekstane var store og tydelege på lerret framme i kyrkja, og forsangarane kunne lese frå ein skjerm på orgelgalleriet. Midt i kyrkja sat ein ung gut og styrde lyden, all tale var med mikrofon. Ettersom halvparten av kyrkjelyden var barn og ungdom, var det lagt vekt på å aktivisere i preika, mellom anna ved besøk av figuren Billy, ein fantasifugl, og då preika var slutt, var det 10-fingers bingo. Teksten denne dagen var om dei som fekk lik lønn for ulikt arbeid, så alle fekk premie, ikkje bare den som hadde bingo. Premien fekk vi ved utgangen, ein gullmynt, den kunne vere eit minne om preika som ein kunne ta vare på, eller ein kunne ha den som konfekt til kyrkjekaffien, om ein ville det, for bak gullpapiret var det sjokolade.

Det var nattverd i gudstenesta, og den var ikkje bare for dei gamle, nei her stod barn og unge i kø for å få brød og vin. Og kollekten gjekk naturleg nok til kyrkjefondet. Det er faste gjevarar og det er innsamling gjennom kollektar. Første komite for ny kyrkje var sett ned i 1982, så det har teke 30 år å kome til byggestart. No gleder folk seg over at om eit år, står kyrkja klar til å takast i bruk.

Ei mangfoldig helg

Share

Så er det mandag att, og ein kan sjå tilbake på siste helga i august 2013. Det vart ei mangfoldig helg for meg.

Fredag drog eg tidleg frå Valle. Vi hadde planlagt nabofest heime i Mandal, og vi var saman med eit nabopar om arrangementet. Eg hadde ikkje gjort mykje for å få det til, for eg er i Valle, så det var naboane og kona som stelte i stand. Dei sette opp et telt på terrassen hos naboane, der skulle festen vere. Vi har eit telt som er 4×9 meter, så det vart god plass til oss 17 som skulle ha kvelden saman. Menyen var fiskesuppe til forrett, deretter reker, majones, dill, sitron og loff. Deretter var det kaffe og kake, potetgull og snacks til klokka tre på natta. Denne kvelden var det jo eit nydeleg ver, men vi hadde varmelampe i teltet for sikkerhets skuld, så folk sat i skjorteermane og hadde det triveleg saman. Praten gjekk om laust og fast i nabolaget og mange verdsproblem vart løyste i løpet av kvelden. Eg fortalde om sykkelrittet Tour des Fjords som starta i Valle ei veke tidlegare og om regnveret dei måtte sykle i, men og om den flotte kulturkvelden i Valle sentrum kvelden før løpet starta.

Laurdag reiste vi til Ålgård. Der bur bror min, og kona hans feira 60-årsdag med 90 gjester. Menyen var tapas, eg kan ikkje forklare alt vi fekk, men godt var det. Etter ei lang avdeling med musikk og helsingar, var det så kakebord med alle slags gode saker. Der er eg meir kjent med namna: Verdens beste, bløtkake, sjokoladekake, ostekake, fromasj, no må eg stoppe elles får eg diabetes av alle dei søte kakene.

Sundag var ein stor dag på Ålgård. Då tok ordførar Olaug Bollestad første spadestikk i tomta til det som skal bli ny kyrkje der. 3-400 menneske overvar dette, dei fekk kyrkjekaffe og grillmat på tomta. Om eit år skal kirka vere ferdig. Du kan sjå bilete av den her: http://www.algard.kirken.no/?page_id=625

Eg fekk vere med på det og før eg tok turen over fjellet til Valle saman med Reidun. Det var ei mangfoldig helg.

På nett att

Share

I går kom ny straumforsyning til modemet, Telenor var rause og sende både nytt modem og ny straumforsyning. Då var det bare å prøve å få det opp og gå. For å få på plass TV og telefon, det gjekk greitt, men nytt modem og DLink trådlaust nettverk var ikkje heilt samarbeidsvillige. Så då tipsa Sigmund om at vi kunne prøve det gamle modemet med ny straumforsyning, kan hende det fungerte?

Det fungerte! Plutseleg var vi på nettet att, både med mobiltelefon og ulike datamaskinar. På mobilen plinga det inn oppdateringar på appar, på datamaskina kom både epostar og facebook fram, her var det bare å studere alt vi hadde gått glipp av siste veka.

Eg trur vi sender tilbake det nye modemet saman med den gamle straumforsyninga, så kan Telenor finne ut kva som var galt med den, modemet vi hadde fungerer tydelegvis heilt fint, så det var ikkje overspenning frå lyn eller slikt som var årsak til at straumforsyninga gjekk varm, det var nok bare ein fabrikasjonsfeil.

Etter ei veke var vi altså på nettet att her heime. Det var godt då det fungerte. Då pusta vi letta ut, både eg og kona. Eg kjem nok ikkje til å vere så mykje på nettet denne helga, for vi har ikkje-virtuelle aktivitetar på kalenderen denne helga. No ser det fint ut med veret, så det vert vel til og med litt frisk luft på meg saman med rekene eg skal nyte i kveld.

God fredagskveld til deg som les bloggen min.

Kjente tre

Share

Setesdalswiki har ein kategori som er kalla Kjente trær. Der er det omtale av spesielle tre i Setesdal. Om du går til artikkelen om Boneifura, finn du lenke til Landeeika, Pernillefura, 9-grana på Bø og Sparebankfurua. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Boneifura

Det er jo fleire andre kjente tre i Setesdal. Eitt står ved rasteplassen på Hekni, litt vanskeleg å finne, men den som leitar, han finn. Reidar Tveito stoppa der og spurde seg fram, han fekk då vite at ein må ta av ved avkjørsla noko sør for rasteplassen og så fylgje ein veg oppover til treet. Men kva heiter treet? Det har vi ikkje fått klart for oss enno, så difor er det ikkje kome artikkel på Setesdalswiki enno.

Då eg spurde meg for om dette, fekk eg vite at det står ei daud, men diger furu i nærleiken av Furustøyl, Gunnar Hillestad kalla henne Uvdalbrura. Han skulle prøve å finne ut meir. Om du les dette og veit om andre særmerkte tre, så kan ein kommentar her på bloggen eller ei melding kanskje føre til at det vert ein artikkel på Setesdalswiki om treet. Det er populært lesestoff, artikkelen om Boneifura har hatt over 350 oppslag, det same har artikkelen om Landeeika. Dei andre tre-artiklane har og hatt opp mot 200 oppslag, så folk er interesserte i stoff om særmerkte tre.

Posten og Telenor

Share

Som eg skreiv tidlegare her på bloggen mista vi all nettforbindelse fredag i sist veke. Truleg var det ein feil på straumforsyninga til modemet som slo ut, den var varm og modemet daudt fredag morgon. Då er det ikkje anna å gjere enn å ringe til Telenor med mobiltelefon og klage si naud, ikkje TV, ikkje Internett og ikkje telefon.

Dei sa alt skulle bli så mykje betre med breiband, og vi trudde på dei. Det er jo betre når det verkar, då går signala til datamaskinen fortare og biletet på TV-skjermen blir betre. Men når det ikkje verkar, stoppar altså alt, før kunne vi jo sjå på TV om Internett fall ut eller omvendt.

-Eg sender deg ein ny pakke, sa ein hyggeleg serviceperson hos Telenor. Han var så hyggeleg at kona fekk ein ny telefon noko seinare med spørsmål om å gradere hyggelegheita hans.

Men dette var fredag, og når ein seier at ein sender ein pakke frå Telenor i Drammen på fredag, så betyr det måndag, for måndag mottok posten pakken, det står det på sporinga eg slo opp på i dag, ho fekk jo ein SMS med eit langt nummer der ho kunne spore pakken på Internett, som ho ikkje hadde. Men eg hadde, så eg fekk nummeret og slo opp. Då fekk eg opp denne lista:

Hendelse Tid Sted
Sendingen er ankommet terminal og blir videresendt
21.08.2013 10:39 4606 KRISTIANSAND S
Under transport til terminal.
20.08.2013 13:49 0024 OSLO
Sendingen er sortert og videresendt
20.08.2013 02:19 0024 OSLO
Under transport til terminal.
19.08.2013 20:25 3007 DRAMMEN
Sendingen er innlevert til terminal og videresendt
19.08.2013 20:13 3007 DRAMMEN

Sjølv om dei skulle sende pakken fredag, vart han ikkje registrert hos posten før måndag kveld. Så vart han sendt til Oslo om natta, det var jo i feil retning, og så fekk han liggje og godgjere seg i Oslo i elleve timar, før han vart sendt til terminalen for vidaresending til Kristiansand, der han kom neste føremiddag. Så fekk han liggje der eit døger før han kom til Mandal, der reknar dei med å kunne levere ut pakken på 1,4 kg torsdag. Posten kjem til oss ved 15.30-tida, så om pakken kjem i morgon, vert det bare nokre timar som manglar på ei heil veke frå dei sa dei skulle sende pakken, til han kom fram.

Maks uheldig, seier du? Noko er galt i logistikken, trur eg.

Korsangen startar att

Share

Det er ei tid for alt, og tida for å avslutte arbeidet med Koriallverda er no komen, les eg i dagens Setesdølen. Dette ungdomskoret på Evje hadde på det meste 90 medlemmer, dei gav ut plate og song til glede for seg sjølv og andre både i eigen kommune og lenger borte. Avisa skriv at det vert arbeidd med å få etablert eit nytt ungdomskor, så kyrkjelyden, som har stått bak drifta, ikkje har gitt opp tanken på å få til eit nytt kor.

Du kan lese om koret her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Koriallverda

Samstundes les eg i ein annonse i Setesdølen som fører meg til http://www.evje.kirken.no/ at
«Evje og Hornnes sokneråd har ledig stilling som leder og dirigent av vårt menighetskor. Koret har ca. 15 medlemmer og har øvelser 1 gang pr. uke, bortsett fra i sommermånedene. Koret opptrer primært i det lokale menighetslivet. Andre musikalske oppgaver kan bli aktuelt.»

På same sida les eg at Evje og Hornnes bygdekor startar opp att torsdag 22. august i musikkromet på ungdomsskolen. I går starta Syngjandi sine øvingar i Spelestoga i Valle, så korsang vert det nok i Setesdal også i tida som kjem.

Korsang var for øvrig i nyhetsbiletet i sommar, for forskarar har funne ut at korsang synkroniserer hjerterytmen, så når vi synger sammen, begynner kroppene å fungere likt. «I 2013 konkluderte en liten studie med at en times korøvelse så ut til å redusere angst og negative følelser.» heiter det i ein artikkel i forskningsnytt. http://www.forskning.no/artikler/2013/juli/362131 I den artikkelen er det og ei lenke til ein artikkel om at foreldre bør synge for og med barna, det er viktig for utviklinga av språkfunksjonen til barna.

Det er altså ikkje nok å høyre på musikk, ein må helst syngje sjølv og. Vi bør nok bli flinkare til å syngje når vi samlast rundt om i haust.