4400 artiklar på Setesdalswiki

Share

I dag runda Setesdalswiki ein ny milepel. Det var artikkelen om Kjell Dahl som vart nr. 4400. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kjell_Dahl Den artikkelen kom på grunn av at eg i går skreiv inn Setesdølen frå 19. mai 2009, og i den avisa stod det at han hadde fått Kulturprisen i Bykle for 2009. Setesdalswiki sin artikkel er jo basert på det som stod der, slik så mykje av stoffet i Setesdalswiki er.

Utan samarbeidet med Setesdølen hadde det vore vanskeleg å få til dette leksikonet for Setesdal, for Setesdal kan nok vere sentralt i geografien i Sør-Norge, men det er vel bare eit par gonger i veka at Fædrelandsvennen har stoff frå dalen. Det er blitt mindre etter at Johs. Bjørkeli vart pensjonist, det er i alle fall mitt inntrykk.

Eg hadde vel tenkt å skrive fleire artiklar i dag, men for ein gongs skuld kom ikkje Setesdølen med posten, så det aktuelle må vente til avisa finn vegen til Mandal. Men det nærmar seg landbruksmessa Naturligvis 2013, så eg skreiv inn artikkel om den denne veka. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Naturligvis_2013 Artikkelen refererer programmet, og så er det lenker til artiklar Setesdalswiki har om folk som er med i programmet. Vi har og blå lenke til landbruksministeren. I det siste har vi begynt å lenke til Wikipedia sine artiklar når det er tale om noko dei har artikkel om. Rett nok fører lenka då ut av Setesdalswiki, men det er betre med ei lenke der lesaren får vite meir, enn ingenting, og ofte er det lite aktuelt å ha eigne artiklar om folk som bare er innom Setesdal når ein kan finne god informasjon på Wikipedia.

Folk som ikkje har artikkel på Wikipedia og som er innom Setesdal, er det lettare å skrive noko om. Men i det siste har eg prioritert å skrive mest om dei fire kommunane som er med i Setesdal Regionråd, så Åseral og Iveland er noko nedprioritert, sjølv om Setesdølen har stoff derifrå. Så får vi sjå kor lang tid det tek før vi når 4500.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *