Aktiv sommar i Setesdal

Share

Det har vore ein aktiv sommar i Setesdal, det er ikkje så vanskeleg å sjå om ein fylgjer med i Setesdølen. Sjølv har eg nok hatt ein noko stillare sommar her i Mandal, til og med tre vekers sommarferie frå bloggskriving har det blitt. Siste innlegg på bloggen var 10. juli, så det høver vel å starte att no.

Overskriftene i Setesdølen finn du på Setesdalswiki, siste avisa var nr. 59, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._59,_2013 Om vi blar oss gjennom den, ser vi at det var 600 på Rysstad-marknad, 200 på konsert med Åsmund Nordstoga på Bygland, godt med folk i Marhyl og stadig fleire på DNT Sør-hyttene. Om ein går til tidlegare aviser frå sommaren 2013, finn ein mykje folk både på country-festivalen og på matfestivalen på Ose, jordbærdagen på Evje hadde også mange svoltne munnar.

Når ein i tillegg tenkjer på alt som ikkje er omtalt i Setesdølen, så skjønar ein at det har vore ein aktiv sommar i Setesdal i juli. Når veret er så fint at den badande Byglandsordføraren får ei side i VG, så har mange andre badande også kost seg på badeplassar i dalen.

Folkemusikken har hatt ein oppsving i sommar, takka vere Kulturprosjektet, der unge folkemusikarar har synt tradisjonskultur både i Setesdal og ved kysten. No til helga er det kappleik, der vert det sikkert og mykje folk.

Vi ladar batteria på ulike måtar. Det er klart at det hadde vore ein del stoff å lage radio av i sommar, men Valle Radio har ferie i juni, juli og august, så det er mykje som ikkje vert med i radioen i desse tre månadene. Vi får vel kome sterkare att til hausten og prøve å få til gode sendingar etter å ha lada batteria våre, vi som prøver å lage program i radioen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *