Ei mangfoldig helg

Share

Så er det mandag att, og ein kan sjå tilbake på siste helga i august 2013. Det vart ei mangfoldig helg for meg.

Fredag drog eg tidleg frå Valle. Vi hadde planlagt nabofest heime i Mandal, og vi var saman med eit nabopar om arrangementet. Eg hadde ikkje gjort mykje for å få det til, for eg er i Valle, så det var naboane og kona som stelte i stand. Dei sette opp et telt på terrassen hos naboane, der skulle festen vere. Vi har eit telt som er 4×9 meter, så det vart god plass til oss 17 som skulle ha kvelden saman. Menyen var fiskesuppe til forrett, deretter reker, majones, dill, sitron og loff. Deretter var det kaffe og kake, potetgull og snacks til klokka tre på natta. Denne kvelden var det jo eit nydeleg ver, men vi hadde varmelampe i teltet for sikkerhets skuld, så folk sat i skjorteermane og hadde det triveleg saman. Praten gjekk om laust og fast i nabolaget og mange verdsproblem vart løyste i løpet av kvelden. Eg fortalde om sykkelrittet Tour des Fjords som starta i Valle ei veke tidlegare og om regnveret dei måtte sykle i, men og om den flotte kulturkvelden i Valle sentrum kvelden før løpet starta.

Laurdag reiste vi til Ålgård. Der bur bror min, og kona hans feira 60-årsdag med 90 gjester. Menyen var tapas, eg kan ikkje forklare alt vi fekk, men godt var det. Etter ei lang avdeling med musikk og helsingar, var det så kakebord med alle slags gode saker. Der er eg meir kjent med namna: Verdens beste, bløtkake, sjokoladekake, ostekake, fromasj, no må eg stoppe elles får eg diabetes av alle dei søte kakene.

Sundag var ein stor dag på Ålgård. Då tok ordførar Olaug Bollestad første spadestikk i tomta til det som skal bli ny kyrkje der. 3-400 menneske overvar dette, dei fekk kyrkjekaffe og grillmat på tomta. Om eit år skal kirka vere ferdig. Du kan sjå bilete av den her: http://www.algard.kirken.no/?page_id=625

Eg fekk vere med på det og før eg tok turen over fjellet til Valle saman med Reidun. Det var ei mangfoldig helg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *