Filmar på biblioteket

Share

Å leie ut film har vore ei inntektskilde for kioskar og bensinstasjonar som har opne butikkar ei stund utover kvelden. Men biblioteket har og filmar, dei kan ein låne gratis.

Eg vart sitjande å sjå filmen The Reader med Kate Winslet og let meg rive med i eit drama om ei kvinne som ikkje kunne lese og skrive, men som likevel sa at ho hadde skrive ein rapport om ei hending der mange jødiske kvinner vart drepne under 2. verdskrigen då ei kyrkje der kvinnene var innesperra, vart råka av bomber og brann opp. Dette førte til at ho fekk livstidsstraff i fengsel medan dei medskuldige fekk fire år.

Ungguten på 15 møter kvinna på 35 etter krigen då ho har fått jobb som trikkekonduktør. Dette er før rettsforfylginga. Dei innleier eit seksuelt forhold som varer ein sommar der han også les bøker for henne. Han skjønar at ho ikkje kan lese, og då han som jusstudent nokre år seinare, er til stades i rettssaken og høyrer henne seie at ho skreiv rapporten, kjem han i eit dilemma, han kunne fortelje retten det han visste, men han veit at ho ikkje vil at nokon skal vite det.

Filmen er to timar lang og svært interessant. Kate Winslet fekk Oscar for rollen sin, og eg opplevde ikkje at filmen var kjedeleg, slik enkelte kritikarar gjorde. VG gav 3 på terningen, Dagbladet 5. http://www.vg.no/film/film.php?id=10304
http://www.dagbladet.no/film/film/?id=147334

Filmar på biblioteket er i tillegg til å vere gratis, også ofte basert på bøker. Denne filmen er basert på ein tysk roman av Bernhard Schlink http://no.wikipedia.org/wiki/Bernhard_Schlink Romanen er og omsett til norsk: Høytleseren, roman. 1997 Gyldendal ISBN 82-05-32742-4

20 år etter rettssaka er ungguten Michael Berg ein akta advokat. Då skal fangen Hanna sleppast fri frå fengsel, men ho har ingen å reise til. Ho har samla pengar i fengselet, og dei vil ho gje til den eine jenta som overlevde brannen i kyrkja under krigen. Også den scenen er interessant, så filmen har tankevekkande stoff heilt til det siste.

Det er ingen artikkel om filmen på norsk Wikipedia, så eg nyttar lenka til den engelske artikkelen: http://en.wikipedia.org/wiki/The_Reader_(2008_film)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *