Historisk dag

Share

Sundag var ein stor dag på Ålgård, skreiv eg i bloggen i går. Kan hende det er rett å kalle den historisk. Då vart fyrste spadestikket til ny kyrkje teke av ordførar Olaug Bollestad. Den gamle kyrkja på Ålgård var bygd av DFU og private gåver, ho kom på knapt 29.000 kroner i 1917. Når den nye står ferdig om eit år, vil ho ha kosta om lag 50 millionar kroner.

Eg var med på denne dagen. Som du ser på bileta på http://www.aftenbladet.no/gjesdal/Spadestikket-som-betyr-sa-mye-3239060.html#.UhyjctJHJFv var det ein solskinnsdag og eit par hundre menneske var samla, først til gudsteneste, deretter til kyrkjekaffe og grillmat før det var tale og tid for graving.

Gudstenesta var heilt spesiell, ikkje ofte eg har vore med på noko slikt. Eit band stilte seg opp i kordøra og stod for sangen. Trompetar, keyboard, slagverk og gitarar i tillegg til fem vaksne vokalistar og fleire barn. Songane var litt meir moderne enn dei ein finn i salmeboka, den einaste ordinære salma i heile gudstenesta var Dine løfter er mange. Tekstane var store og tydelege på lerret framme i kyrkja, og forsangarane kunne lese frå ein skjerm på orgelgalleriet. Midt i kyrkja sat ein ung gut og styrde lyden, all tale var med mikrofon. Ettersom halvparten av kyrkjelyden var barn og ungdom, var det lagt vekt på å aktivisere i preika, mellom anna ved besøk av figuren Billy, ein fantasifugl, og då preika var slutt, var det 10-fingers bingo. Teksten denne dagen var om dei som fekk lik lønn for ulikt arbeid, så alle fekk premie, ikkje bare den som hadde bingo. Premien fekk vi ved utgangen, ein gullmynt, den kunne vere eit minne om preika som ein kunne ta vare på, eller ein kunne ha den som konfekt til kyrkjekaffien, om ein ville det, for bak gullpapiret var det sjokolade.

Det var nattverd i gudstenesta, og den var ikkje bare for dei gamle, nei her stod barn og unge i kø for å få brød og vin. Og kollekten gjekk naturleg nok til kyrkjefondet. Det er faste gjevarar og det er innsamling gjennom kollektar. Første komite for ny kyrkje var sett ned i 1982, så det har teke 30 år å kome til byggestart. No gleder folk seg over at om eit år, står kyrkja klar til å takast i bruk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *