Skjermlaus

Share

Då eg fredag etter starten av Tour des Fjords var på veg til Mandal, fekk eg ein telefon frå Reidun. Ho kunne fortelje at straumforsyninga til modemet hadde gått varmt, så no var det ikkje telefon, tv eller breiband heime. Det kom til å bli ei skjermlaus helg.

Når eg reiser heim i helgene, er det ikkje for skjermane si skuld, men det er mange år sidan det har vore ei heilt skjermlaus helg i heimen min. Eg likar å følgje med på TV og på dataskjerm, så det var rart å kome heim til svarte skjermar. Ho hadde snakka med Telenor på fredag før eg kom heim, dei skulle sende nytt utstyr, men det kom jo ikkje før i neste veke.

Vi måtte jo studere avisene litt ekstra når vi ikkje fekk inn Dagsrevyen. Eg hadde jo tenkt å sjå Tour des Fjords på Eurosport eller TV2, men det fekk eg ikkje med meg. Ofte pleier eg å skrive på Setesdalswiki i helgene, det gjekk og i vasken. Så det vart helst litt stusseleg i høve til slik det pleier å vere.

Ofte ventar eg til litt utpå sundagskvelden før eg kjører oppover til Valle, då kan eg få med meg fotballkampen på TV før eg kjører. Men i dag var det ingen kamp å sjå på TV, så etter middag la eg i veg. I løpet av dagen kom det jo ein del telefonar med gratulasjonar for ein som fyller 66, og då eg kom til Valle, såg eg at talet nærma seg 100 helsingar på Facebook. Det varma jo å sjå så mange helsingar frå Facebook-vener.

Etter å ha vore van med å ha tilgang til skjerm i svært mange år, var det rart å vere skjermlaus. Eg juksa det til litt, eg fann ein film på DVD og såg den, men eg har ikkje så stort utval at det gjer noko. Det fungerte likevel fint, truleg burde eg sett fleire filmar på DVD. Litt dataspel vart det og høve til, men det synest eg er kjedeleg når eg ikkje kan veklse mellom å spele og å bruke datamaskinen til andre ting.

I grunnen er det betre å ha skjermen tilgjengeleg og ikkje sette han på, en å vite at ein ikkje får noko om ein prøver. Men vonleg er det fiksa til neste helg, slik at ei helg kan kome i normal gjenge att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *