Så startar vi att

Share

Komande veke startar Valle Radio haustsesongen 2013. Eg har fått æra av å vere førstemann ut og har sending som vanleg tysdagskvelden, men så kjem eg att onsdagskvelden. På årsmøtet på Sølvgarden onsdag hadde vi ein samtale om programma, og der kom det fram at vi måtte prøve å dekke større område i Valle og Setesdal om det var mogleg, det vart sagt at radioen var noko Valle-sentrert. Det vart understreka frå alle programleiarane at vi var svært takksame for tips frå folk som hadde noko å melde om.

Sjølv vil eg seie at det er alt for ofte at vi slit med å få folk til å kome i radioen og fortelje om saker dei er opptekne av; vi høyrer ofte: Kan du ikkje bare seie det sjølv? Men det er ikkje god radio når programleiaren snakkar sjølv og ikkje har nokon å snakke med. Informasjonen vert meir levande når vi snakkar saman. Om eg har eit ønske for komande haust i Valle Radio, er det at vi får mange interessante samtalar med folk som har noko på hjarta.

På møtet nemnde eg at ettersom vi no sender til heile dalen kvar gong, likar eg å ha noko stoff frå andre kommunar så vel som for Valle. Det er jo noko vanskeleg å få folk til å kome i studio, men ein telefon kan jo vere ei god erstatning. Mitt mål er at det skal vere aktuelt lokalt stoff frå heile Setesdal i sendingane.

Det er nok framleis eit problem at folk i nedre Setesdal ikkje er vane med at Valle Radio er på lufta på onsdagskveldane, difor er det mange som sikkert kunne hatt glede av programma som ikkje får dei med seg. Kan hende burde vi ha ei eller anna form for kunngjering som er betre enn annonsane, men det kom ikkje fram kva det eventuelt skulle vere då vi snakka om det på møtet. Ein omtale av program i Setesdølen er bra, men kanskje vanskeleg å få til når stoffet må vere inne innan måndag føremiddag. Då har vi som regel ikkje klart for oss kva som kjem til å vere med i programmet. Men det kan jo vere eit mål å ha noko klart, slik at vi kan lage små presseomtalar.