Årsmøte for 2012

Share

Årsmøtet for Valle Radio for 2012 var lagt til Sølvgarden onsdag 4. september 2013 klokka 18. Då leiar Ørnulf Hasla helsa velkomen, var det 17 frammøtte.

Harald Haugland vart vald til referent og Ørnulf Hasla til møteleiar. Han opna med å seie at han var lei seg for at møtet ikkje hadde blitt noko av i vår, men at han var glad for at vi kunne få ha møtet før haustsesongen i radioen starta.

Årsmeldinga var skriven av Kåre Rike. Ørnulf Hasla las den. Det var nokre kommentarar på at årsmeldinga var skriven for hausten 2012 og våren 2013, men med små justeringar i høve til utkastet vart ho samrøystes vedteken. Deretter vart rekneskapen gjennomgått. I 2012 var det eit driftsunderskot, noko som skuldast ei stor oppgradering av studio. Balansen synte likevel god likviditet ved utgangen av 2012.

Valnemnda var Ronny Stavsholt og Henri Tore Viki. Dei hadde snakka med Ørnulf Hasla, Britta Lise Homme, Helge Homme og varamann Rolf Erik Homme som var på val. Alle var villige til å halde fram og vart attvalde med akklamasjon. Også valnemnda vart attvald med akklamasjon.

Etter at dei formelle saken var unnagjort, drøfta ein sendeplan for hausten 2013 og sette opp fordeling av oppgåver. Deretter samtalte vi om korleis vi betre skal dekke heile Valle kommune, men og dei andre kommunane i Setesdal. Sendingane våre går til heile dalen, og samarbeidet med Radio Evje er godt. Det er planlagt eit møte med Radio Evje. Spørsmålet om sendingar frå kommunestyremøta i Bygland har vore teke opp, men svar er ikkje kome så langt.

Møtet vart avslutta klokka 20, då Harald Haugland retta ein stor takk til Ørnulf Hasla for innsatsen gjennom året, noko som heile forsamlinga slutta seg til gjennom sterk applaus. Deretter vart det servert middag i restauranten. Her gjekk praten vidare med utveksling av idear til program i sendingane og andre synspunkt ut over kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *