Lang i maska

Share

I dag gjekk eg inn på Coop Valle for å heve gevinst på eit Flax-lodd eg vann i Valle Radio i vår ein gong. Det var 250 kroner i gevinst, og eg tenkte at det kunne vere gode pengar å ta med seg til helga. Eg hadde ikkje somla meg til å hente pengane før, tenkte det var godt å ha dei i bakhand den gongen eg skrapte loddet og såg at eg hadde vunne.

-Loddet er gått ut på dato, det er ikkje verd noko, var svaret eg fekk. Eg trur det var 25. mai som var fristen.

Overskrifta på denne bloggposten syner kva eg følte der eg stod. Då eg kom heim til Mandal i dag, fortalde eg det til kona og sa at eg hadde tapt 250 kroner.

-Det har du ikkje sa ho, for du la ikkje ut noko for å få det loddet.

Sant nok, eg fekk det heilt gratis, så ho har heilt rett. Men om eg hadde somla meg til å hente gevinsten i vår, så hadde eg vore 250 kroner rikare, og det hadde jo vore gode pengar å ta med seg.

Denne onsdagskvelden deltok eg ikkje eingong i Opi sending, så eg hadde ikkje noko nytt Flax-lodd å skrape heller. Eg vonar at dei som deltok, fekk lodd som ikkje var gått ut på dato, for eg veit at radioen kjøpte inn mange lodd, og dersom nokre lodd låg over frå vårsesongen, kan dei kanskje vere utgått på dato. Eg vil difor rå folk til å sjekke kor lenge dei varer, slik at dei ikkje står i butikken og opplever å få like lang maske som eg fekk.

At melk og kjølevarer går ut på dato, det kan ein jo skjøne. Men at Flax-lodd skal gå ut på dato, det er jo litt meir uskjøneleg. Dei vert jo ikkje sure. Den som ikkje vinn, kan jo verte litt sur om han har brukt eigne pengar på å kjøpe lodd og så ikkje får att noko. Men det er noko anna.

Eg får kanskje likevel investere i eit Flax-lodd av eiga lommebok ein dag, skrape det i butikken og hente gevinsten med det same og få bort den sure smaken av Flax-lodd gått ut på dato. I alle fall om eg skrapar fram den store gevinsten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *