Nærare hundre vegar

Share

I dag vedtok Oppvekst- og kulturutvalet i Valle vegnamn i kommunen. Det har vore ei prosjektgruppe i sving. Den har vore samansett av folk som arbeider i kommuneadministrasjonen, og så har dei hatt ei ressursgruppe dei kunne få råd frå. I utgangspunktet skulle ein nytte namn som alt var i bruk, og framlegget, som no er vedteke, har til og med vore til uttale hjå Språkrådet.

Om vegen vidare seier gruppa:
Vegen vidare:
Utlysing av vedtak vert gjort snarleg etter møtet, på heimesida og i aviser. Det er ikkje klagerett på namnet, men det er høve til å klage på skrivemåten. Den enkelte adressemottakar kan også søkje om å få tilleggsadresse, men det må liggje til grunn gode grunngjevingar for å få godkjent tilleggsadresse.

I veke 41 vil prosjektgruppa utarbeide skiltplan som grunnlag for oppsetting av skilta våren 2014. Prosjektgruppa har alt no meldt inn til økonomi og rådmann at det må setjast av kr. 400 000,- på budsjettet for 2014. Dette for å få finansiert skilt, få sett opp skilt og for å få fullført prosjektet etter planen.

Plan og miljøutvalet gav i sak 30/13 delegert mynde til rådmannen å definere adresseparsellar og tildele nummer. Rådgjevar GIS, Marit Henriksen, tek til med nummerering i oktober. Så snart ein adresseparsell er ferdig nummerert vil me sende ut vedtak om ny adresse til alle bustader som høyrer til den enkelte parsell.

Arbeidet ligg godt innafor tidsplanen. Dei reknar med å bli ferdige med prosjektet innan fristen som har vorte sett: 1. oktober 2014.

Det er grunn til å gje honnør til gruppa for jobben som er gjort. Dei fekk oppdraget i april og alt i september er vedtak gjort. Du kan lese vegnamna på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vegnamn_i_Valle_kommune

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *