Om å vente

Share

I fjor haust kom nokre av elevane på Valle Vaksenopplæring ikkje med bussen klokka 7.20. Dei hadde stilt seg i inngangen til Menighetshuset som ikkje lenger er Menighetshus for å få ly for vind og regn ein tidleg novembermorgon. Bussen var litt sein denne morgonen, så då den kom til Valle og såg at det ikkje stod nokon på busshaldeplassen, dura sjåføren bare rett gjennom sentrum og var borte før dei fekk styrte seg ut i regnet.

Den hendinga fekk meg til å etterlyse eit venterom i Valle sentrum. Eg gjorde det i radioen og på bloggen, men eg gjorde det og på jolebordet til Valle kommune i eit kåseri eg hadde blitt beden om å halde der. Innlegget hausta klappsalvar, dei var truleg høflege og velmeinte, men til no har ikkje noko skjedd. No står ein ny haust for døra med regn og blåst, bare vent, vi veit det vil kome, og Otra Kraft lever av regnet som fell her i heiane, så indirekte lever vi og av det gjennom skattane dei betalar, og straumen vi betalar for vil vi jo ha, så sjølv om vi ikkje likar regnet, tolererer vi store mengder nedbør om hausten.

Det er vel ikkje så farleg med eit buss-skur? Alle har jo bil, så ingen treng vel det her oppe i dalen. Så er det bare slik at det av og til er slik at ein tek bussen til byen i staden for å køyre bil. Grunnane kan vere mange, eg skal ikkje gå inn på dei. Men buss-skur manglar vi framleis.

Det kan vel ikkje vere så kostbart å få Valle Modellverkstad til å lage ein ekstra stor gapahuk og setje opp ved sida av Frikyrkja, slik at folk kan få ly for regnet utan å risikere at bussen forsvinn i det fjerne. Kan noko bli gjort i haust eller må det gå eit nytt år?

Medan eg snakkar om venting. Det har vore på tale å få betre lys i trappa til Valle Radio. I ein mørk haustkveld er det meinljos der og lett å snuble. Det skal bli interessant å sjå kva som kjem først, flaumlys i trappa eller ventebu i sentrum. Den som lever, får sjå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *