Rop med jubel for Herren, all jorda!

Share

Jauchzet dem Herren alle Welt var tittelen på motetten av Felix Mendelssohn som Niklos K. Besteland hadde funne fram i kveldens Postludium. Eg omsette tittelen til norsk, han er henta frå Salme 100, og nyttar den til overskrift i kveld.

Med denne sette han eit fint punktum for programmet denne kvelden. Først hadde han den kjende bryllupsmarsjen, deretter motetten, før han avslutta med den nydelege Andante i D-dur, melodisk og fin å nynne på i haustkvelden.

Så hadde eg ikkje meir enn slutta av Kyrkjebakken-innslaget med å snakke om det som skal vere denne veka, før Olav Føreland vara på telefonen frå Søgne. Han var ein av dei tre som hadde høyrt på Internett i kveld og som ville takke for eit fint program. Han sende særleg helsing til Niklos for musikken han hadde funne fram og nemnde spesielt stykket som er overskrift for denne bloggposten.

Men også tidlegare i kveld var dette temaet i fleire innslag. På Evje, eller rettare sagt i Flatebygd bedehus, skal dei i morgon ha bønn, lovsang og takk for hjelp, styrke og legedom som Gud har gjeve til nokre som har vore råka av sjukdom der. Erik Albert frå Normisjon fortalde om det i den aktuelle halvtimen klokka 18.30 og ønskte alle som ville vere med på det velkomne til Flatebygd klokka 18 i morgon.

Det same temaet var Åge Nevland inne på. Han fyller 80 år denne veka, og fortalde om korleis dotter hans hadde blitt helbreda etter år med smerte og liding. Det var ikkje vanskeleg å høyre at han var takksam og glad i intervjuet Ellen Sørlien hadde med han i Møteplassen-programmet.

Sjølv er eg takksam for at eg får starte på ein ny radiosesong. Den første songen i kveld var Mette&Roger sin song: Et nådens år fra Herren. Når vi no startar ein ny sesong, er det mi bønn om at året som ligg framom oss, må bli det.

På tampen i kveld vil eg gratulere min gode kollega Øystein Berg, som fyller år i dag. Eg gløymde å seie det på jobben i dag, men heldigvis minna Facebook meg om det, så eg fekk sende han ei helsing, og godt var det. Ein god kollega er og ein grunn til å juble og å takke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *