Samarbeid i Setesdal

Share

I dag var eg heldig og fekk høyre Arne Hjeltnes på ein konferanse på Hovden. Det var festleg og interessant å høyre han fortelje om korleis matprodusentar rundt om i landet etter kvart har slått seg saman for å promotere produkta sine. Han fortalde og om korleis ein på Voss hadde arbeidd for å få ny logo for Voss som reiselivsmål. På ein morosam måte synte han kor viktig det er å forankre eit slikt arbeid i alle dei som er med.

I den seinare tid har det vore tydeleg at det ikkje er så lett å få til samarbeid i Setesdal. Eg trudde at Setesdalskonferansen hadde lagt grunnen for å sjå på regionen som ein samarbeidsregion på mange område, men plutseleg verkar det som om det ikkje er så lett å få til likevel.

Det skal verte interessant å sjå korleis ein finn ut av organiseringa av den nye kommunestrukturen. Om fylka vert oppheva, kan ein sjå på ein fjellkommune med Valle, Bykle, Vinje og Tokke like gjerne som ein dalkommune med dei noverande setesdalskommunane. Alt no ser det ut som om Evje og Hornnes oftare og oftare orienterer seg mot kristiansandsregionen, så om ein skulle satse på å bli med i ein setesdalskommune, vil dei nok måtte svelge nokre kamelar.

Arne Hjeltnes snakka om at ein burde jobbe for å gjere kvarandre gode. Det er ei øving som ikkje alltid er like god å gjennomføre, men han meinte at i det lange løp vil ein sjølv også tene på det. Etter mi meining er Setesdal Regionråd eit prov på det. Saman har dei fire kommunane gjort kvarandre betre enn om dei hadde stått aleine. Men etter det eg har høyrt, er det næringsdrivande i Setesdal som ikkje vil profilere Setesdal. Eg trur alle ville vore tent med om ein heldt fast på merkevaren Setesdal også i framtida, men då må ein samarbeide på alle plan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *