Sangtime

Share

Sundagsmorgonane er fine for folk som likar å høyre norsk sang. Då er det sangtime med Nils Abrahamsen i NRK P1. I dag var det Inger Lise Stulien som hadde funne sangar. Sangfuglen frå Byremo med jobb på Evje skule starta med Å vesle lerka framført av Kirsten Bråten Berg, og så var det utøvarar frå Agder over heile fjøla. Sjølvsagt hadde ho nokre songar der ho sjølv song, men ho hadde funne plass til både Jan Engervik, Bjøro Håland og Annbjørg Lien i utvalet av artistar. Halvtimen som gjesten har til rådvelde gjekk fort og vart avslutta med 200 barn frå Evje skule som song Fager kveldssol smiler saman med Inger Lise.

Her er spelelista for heile programmet: http://www.nrk.no/spillelister/spilleliste.aspx?progid=DMPM04003513&kode=sangtimen&sendt=1.%20september%202013%2008:07:00

Sjølv om ho har gitt ut fleire plater, har ikkje Wikipedia artikkel om Inger Lise Stulien, men Setesdalswiki har ein artikkel om henne: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Inger_Lise_Stulien

Eg er glad i den timen i NRK P1 sundagsmorgonane. Der er songane presenterte i ein samanheng, det er ikkje bare musikk som pausefyll, slik ein ofte elles opplever musikken i P1. Og så syng ein på norsk, teksten er attkjenneleg og druknar ikkje i instrumenta. Det er ikkje slik at eg høyrer på Sangtimen kvar sundag, men når eg gjer det, får eg ofte fine musikkopplevingar, slik som det var i dag. Takk for sangen, Inger Lise Stulien

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *