Valresultat, vegar og villmarksliv

Share

Sundagskvelden sende eg denne pressemeldinga til Setesdølen:

Onsdag 11. september startar sendingane i Valle Radio att etter sommarferien. Programleiar Harald Haugland opplyser til Setesdølen at han vil ha eit skråblikk på valresultatet i Aktuell time frå klokka 18 og har fått løfte frå Kjell Ingolf Ropstad om å vere med på telefonen. Om meiningsmålingane slår til, blir det ein jubelprat anten Kjell Ingolf har fått plass på Stortinget fire nye år eller ikkje, for han har vore klar på at han vonar det blir borgarleg fleirtal. Om han ikkje bergar plassen sin, kan han vel få nye utfordringar i regjeringskontora.

Erling Sagneskar har også hatt nye utfordringar. Etter at han gjekk på ski over Grønland for ei tid tilbake, har han i sommar vore seks veker i Canadas villmark. Han var på leiting etter buplassen Helge Ingstad hadde då han overvintra på tundraen, den han fortalde om i boka Pelsjegerliv. Erling kjem i studio klokka 20 for å fortelje frå turen.

Sendingane i Valle Radio startar med ordinær tysdagssending 10. september klokka 18. Dei kan ein få inn i heile Setesdal no, for radioen sender over sendarane til Radio Evje så vel som over sendarane i Øvre Setesdal. I tillegg kan ein finne sendingane streama på Internett.

Eg gløymde å ta med at sendinga og skulle ha ein bolk om vegar i Valle kommune i pressemeldinga, men i går kveld kom ei sprudlande Malla i radioen med god og strukturert informasjon om vegnamnprosjektet. Du kan lese namna på vegane på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vegnamn_i_Valle_kommune og der er det og lenke til kommunen si side om prosjektet. Heile programmet for kvelden finn du og på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130911

Etter at eg var ferdig med kveldens program, vart det ikkje meir jobbing på Internett i går, difor kom det ingen bloggpost i går. Men eg er godt nøgd med programmet, dei sakene eg hadde nemnt sundag, slo til. I tillegg fekk eg ein prat med Edgar Paulsen, som var i Valle med ein Jim Reeves-kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *