Bygdeutvikling i Valle Radio

Share

Tida går fort, no er det snart ei veke sidan eg hadde med meg Åse Ingebjørg Flateland i Valle Radio for å snakke om Bygdeutvikling. Ho var gjest i Haralds time onsdagskvelden, og det vart ein triveleg time. Åse Ingebjørg har snart vore bonde i 30 år og ho har fått utmerking for både 15 og 20 år som leverandør av elitemjølk. Likevel tok ho seg tid dei siste tre åra til å skaffe seg fagleg påfyll på Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling på Særheim på Jæren. Tre år jobba ho i eit desentralisert studieopplegg og skaffa seg bachelorgrad som ein av til no 12 personar.

Dette fortalde ho levande om i den timen vi hadde saman. Vi nådde ikkje å spele musikk, for praten gjekk lett om mange ulike emne. Eg hadde tjuvstarta litt og lese litt på heimesidene til skulen, men eg hadde ikkje fått med meg kva oppgåva hennar hadde vore. Så var det Smaken av Setesdal kunne ho fortelje, dette har sidan blitt utvikla til eit selskap med sju deltakarar, då ho jobba med det var det eit prosjekt i regi av Setesdal Regionråd, som ho fekk knyte seg til.

Å drive gard i Valle er ikkje så lett, dei naturgjevne tilhøva er ikkje heilt tilpassa det som vert krevd i dag, for å kunne leve av det må ein helst ha stor besetning, og då må ein ha mykje jord, så Åse Ingebjørg fortalde at ho leigde jord mange stader rundt i bygda. Dei er bare fem bønder att som driv med kyr, ein i Hylestad og fire i Valle. Ho har ikkje drive med sauer, men trongen for kulturlandskapspleie nær husa heime har gjort at ho vil få nokre sauer som kan gnage, slik at ho slepp å bruke øks og sag når runningane vert store.

Kulturlandskapspleie er ein viktig del av det folk set pris på ved bonden sitt arbeid i våre dagar, matproduksjon er visst ikkje så viktig lenger om ein skal tru undersøkingar som er gjort, mange meiner at ein kan få mat frå andre land. Men dei aller fleste vil ha opne landskap, så bonden sitt arbeid med å halde nede tilvekst av lauvskog gjennom å ha dyr som beiter, set folk stor pris på. Vi snakka noko om det, og vi snakka og om dei mange ubrukte driftsbygningane som står rundt om, og om nokre av dei kan takast i bruk til andre føremål. Åse Ingebjørg hang med på alle emna, leiaren i Valle bondelag og tidlegare i Aust-Agder bondelag var lett med sjølv om samtalen var både springande og variert i emna. Å ha ein slik gjest i studio er ei stor glede og gjer det inspirerande å lage radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *